Likestillingsminister Anette Trettebergstuen var med i programmet Debatten på NRK fjernsyn torsdag 27. januar og gjorde ein katastrofal figur. Ho må vere kriminelt dårleg orientert eller så lest ho som ho ikkje veit. Som om det ikkje er ille nok at vi har ei lov som opnar for at barn ned til seks år kan velje kjønn, så vil regjeringa greie ut om vi i tillegg skal ha ein «tredje kjønnskategori». Likestillingsministeren kom med oppsiktsvekkande nye biologiske opplysningar som at dei aller fleste blir født enten som gut eller jente. Dei som ikkje kjenner seg som nokon av delane må få definere seg sjølve. I land over heile verda skaper slike teoriar og lover no store problem. Særleg for kvinner.

Veit ministeren at i mange land trenger menn seg inn i toalett og garderobar og trakasserer kvinner seksuelt? Ei kvinne fekk slått ut fem tenner av ein mann som vart beden om å gå ut av eit dametoalett i Storbritannia. Trur ministeren at dei hundrevis av menn som no vil inn i kvinnefengsel heile livet har vore plaga av at dei er «fødde i feil kropp»?

I Canada misser krisesenter for kvinner offentlege løyvingar om dei ikkje vil ta inn menn som definerer seg som kvinner. I USA har lesbiske byrja møtast privat av di møtestadane deira er fulle av biologiske menn om påstår dei er kvinner og dermed lesbiske. Veit ministeren at det no er danna ein ny organisasjon for homofile og bifile der hundrevis av menneske i fleire land meldar seg inn? Veit ho at det no er ei helseskandale i gang av di tusenvis av jenter vert kjemisk og kirurgisk mutilerte i von om å bli menn? I USA får jenter heilt ned til tolv år friske bryst operert bort.

Som feminist har eg levd i den overtrua at kvinnelege folkevalde ville ha lettare for å forstå kvinner situasjon. Men nei, Trettebergstuen er ein av gutta og identifiserer (sic) seg med dei stakkars mennene som må få mannerettane sine for ein kvar pris, slik menn alltid har kravd og fått.

Aud Farstad, Ålesund

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!