Vi er inne i ei vanskeleg tid for næringslivet vårt, som vi er så avhengige av. Særleg gjeld dette oljenæringa og maritim industri som er det som gir oss «smør på maten» her på våre kantar.

Vi ser at lågkonjunkturen råkar oss hardt og brutalt og bedriftene er inne i ein større omstillingsprosess enn nokon sinne. Dette har vi opplevd før, men denne gongen vil det ta tid og dei politiske verkemidla for å minimere skadeverknadane, er viktigare enn nokon sinne.

Regjeringa kjem i statsbudsjettet for neste år til å sette inn tiltak for å hjelpe oss over krisa, men det er svært viktig at tiltaka vert noko ein kan vidareføre, som er langsiktig, og som kan vere «vitamininnsprøytingar» som gjer at næringa etter kvart greier å stå på eigne bein. Gåvepakken som kom i går er svært god og vi støttar fullt opp om dei tiltaka som regjeringa føreslår. Likevel ser vi at det viktigaste verkemiddelet, fjerning av formuesskatten, ikkje får gehør hjå dei andre partia på Stortinget. Vi er leie av å høyre frasen om «å gi meir til dei som har mest frå før», denne setninga er så langt frå sanninga som det går an, når det gjeld denne skatten. Her i vårt område handlar det om at bedriftene, nokre norske og andre utanlandske, har svært ulike rammevilkår. Det er beinhardt for dei norske bedriftene, som må betale store summar i formuesskatt kvart år, medan nabobedrifta ikkje betaler i det heile. Det som då skjer er at bedriftseigarane må betale skatten og kanskje ikkje kan satse på omstilling og forsking, slik ein bør gjere når arbeidsmarknaden er vanskeleg.

Vi ynskjer norsk og lokalt eigarskap. Vi er ikkje tente med at norske bedrifter flyttar til utlandet for å få betre føresetnader i ein vanskeleg marknad. Vi ynskjer at dei lokale bedriftene skal vere her, og framleis vere viktige støttespelarar og ikkje minst gode arbeidsgjevarar for innbyggjarane våre. Eg håper at dei tilsette og fagorganisasjonane ikkje vil vere med å «sage ned dei greina dei sit på», men «vaknar opp» og syt for at næringslivet vårt får levelege rammevilkår, no og i framtida.

HEIDI STRAND

Ordførarkandidat Ulstein H