Senterpartiet blir gjerne omtala som eit parti berre for den som har gris, høns eller ku, og difor ikkje er aktuelle når det kjem til bypolitikk. Bestefar min flytta med kyrne og hestane sine frå Sørneset i 1935, og det er lite att av landbruket der ute i dag. Ny tid – nye utfordringar. Likevel meiner eg at Senterpartiet og eg har viktige politiske innspel til korleis fylkeskommunen og kommunen kan bidra til utvikling av byen og regionen.

Kulturbyen:

Senterpartiet har sagt at viss vi kjem i posisjon, vil vi arbeide for at staten skal ta eit heilt anna og større ansvar for Jugendstilsentret. Prinsipielt ville vi at kulturmidlane i større grad skulle vore fordelt til fylka, og da kunne vi prioritert både Jugendstilsenteret og Ålesund symfoniorkester og andre tiltak. Enn så lenge må vi arbeide for å få desse institusjonane inn på Statsbudsjettet på ein annan måte enn i dag. Eg har vore leiar av Kultur- og folkehelseutvalet denne perioden, og det stemmer ikkje at Sunnmøre ikkje har fått sin andel av midlane, slik Sunnmørslista forfektar. Vi har starta ei omlegging av kulturmidlane slik at vi kan auke stipenda og tildelingane til kunstnarar og til kulturnæringar, vi har sagt at vi vil auke kulturbudsjettet med 5 prosent, vi har bygd ut kultursekken i skule og barnehage, auka støtta til biblioteka og til folkemusikkarven- mellom anna. Store deler av spelemidlane har også vore brukt til viktige satsingar for idretten og folkehelsa. Vi har lagt vekt på å støtte nærmiljøtiltak og helseløyper og turstiar der folk bur.

Kommunikasjonsbyen:

Senterpartiet har støtta bystyret sin strategi når det gjeld løysingar for innfartsveg og bypakke. Likevel ser vi at det kan vere langt fram før ein får realisert alt. Vi vil sterkt kjempe for at Ålesund og omlandskommunane skal få del i den statlege påskjøningsordninga for kollektivtrafikk, noko som kan bety 50–60 mill til kollektivtrafikk i året. Samtidig kan ein gjennomføre investeringane på Lerstadvegen, som er prioritert, og bygge med kollektivfelt som gjer at trafikken kjem fort fram. Dette ville i alle fall bli ei god løysing på reaktivt kort sikt.

Kompetansebyen:

Senterpartiet har også støtta fagskulen, utbygging av vidaregåande skular, ny tannhelseklinikk og alle satsingar ved Høgskulen i Ålesund og NMK. Vi har foreslått ytterlegare satsing på teknologiutvikling, miljø og utdanning i ei tid med arbeidsløyse. Vidare har vi foreslått at bedriftene i denne tida skal sleppe så stor eigendel i forskingsprosjekt – nettopp for å nytte nedgangstider til FoU-aktivitet som kan sikre framtidsnæringane – både innanfor marin og maritim næring, transport og generell miljøteknologi.

Dette lokalvalet handlar framfor alt om sentralisering eller desentralisering – av busetting og arbeidsplassar, investeringar og fordeling av makt. Senterpartiet vil ha levande distrikt, grøne byer og små forskjellar mellom folk. Vi vil ikkje ha tvangssamanslåing av kommunar, og vi meiner at ein storkommune på Sunnmøre berre armar ut regionen, gjev færre talsfolk for Sunnmøre og auka byråkrati og sentralisering. Kjære Ålesund – byen er ein motor i regionen i dag, og treng ikkje «slå under seg» nabokommunane for at regionen skal vere sterk.

Godt val!

KRISTIN SØRHEIM

Fylkesordførerkandidat for Senterpartiet