Folkeslaget som har klora seg fast på holmar, nes og i fjellskrentar. Hardføre, sindige og ein smule sta.

Ein måtte nok vere det om ein skulle overleve. Med ryggen mot fjella og blikket mot havet hadde ein ikkje andre moglegheiter. Ein måtte lære seg mykje, ikkje minst å leve i ein tett relasjon til havet. Havet har vore spiskammer, ferdsleåre og har vore grunnlaget for næringslivet. Ja, sjølve livsnerven for livet i alle kystsamfunn.

Havet har forma samfunnsutviklinga langs kysten i alle tider. Det handla om å kunne gjeva folk som kom langs kysten ei trygg hamn, og rundt dei trygge hamnene oppstod det samfunn. Alt her skjedde i ein relasjon til havet. Alle jobba sjølve, eller kjente nokon, som jobba i og kring havnæringane. Slik er det for mange også i dag.

Framleis er det på mange måtar slik at det meste skjer i ein relasjon til havet her på Vestlandet. Ja, kanskje meir enn vi trur og reflekterer over. Anten det handlar om å krysse ein fjord for å utvide ein bu- og arbeidsmarknadsregion, eller forvalte ressursar til matproduksjon og energi. I dag er fjordbåten erstatta av ferjer, bruer og undersjøiske tunnelar, men framleis dreier det seg om vestlendingen sitt forhold til havet.

Artikkelforfattar: Tommy Aarethun, dagleg leiar i Initiativ Vest
Artikkelforfattar: Gjermund Kvernmo Langset, dagleg leiar i The North West

2021–2030 er FN sitt havtiår. Havet vert peika på som heilt sentralt framover i ei verd der vi vert stadig fleire menneske. Før utgangen av dette hundreåret er vi venta å vera meir enn 10 milliardar menneske her på jorda. Menneske som skal flytte seg, som skal ha mat, medisinar, opplevingar og energi. Samstundes er klima i endring og naturmangfaldet sterkt truga. Vestlandet og havområda utanfor kysten vår vil igjen spele ei heilt sentral rolle i dette, slik det har gjort med fisken vår og med olje- og gassressursane våre.

Marin næring, fiskeri og maritim industri med leverandørnæringane har alle sine tyngdepunkt her på Vestlandet. Vestlandet stod i 2019 for over ein fjerdedel av den totale verdiskapinga, målt i bruttoprodukt. I tillegg kom nær 40 prosent av den norske fastlandseksporten i 2019 frå Vestlandet. Og så har vi olje og naturgass, som sysselset mange på Vestlandet og som står for 46,8 % av den totale eksporten frå Noreg i 2019. I kva grad Noreg kjem til å lukkast med å auke eksporten, og å skape nye grøne verdikjeder og arbeidsplassar i åra som kjem, vil avgjerast av i kva grad ein lukkast her på Vestlandet og langs kysten.

I lys av alt dette er det etter vårt syn påfallande kor lite det vert snakka om havet i det offentlege ordskiftet på Vestlandet. Tek vi havet og Vestlandet si tilknyting til havet litt for gitt? Hav og havpolitikk er eit felt som i for stor grad er noko som skjer på Arendalsuka og den internasjonale scena. Det handlar ofte om Noreg si rolle som havnasjon. Misforstå oss riktig: det er sjølvsagt viktig, Noreg har store interesser i havet og bør difor vera til stades på desse arenaene og delta aktivt i det internasjonale arbeidet kring verdshava. Likevel er det etter vårt syn på tide at havet, og havets tyding for heile vårt samfunn også får ein større plass i ordskiftet her heime.

Kven som er ministeren på eit felt og kvar hen kjem frå kan sjølvsagt ha fleire forklaringar. Likevel er det også eit uttrykk for kva saker som er viktig i ein region, for veljarane der og dermed også politikarane. I Noreg synast det å vera eit etablert faktum at det er politikarar frå våre nordlegaste fylke som skal vera opptekne av og ansvarlege for spørsmål knytt til hav og fiskeri.

Det vert med anna illustrert av at berre fem av dei 30 fiskeriministrane vi har hatt sidan Fiskeridepartementet vart oppretta i 1946 kjem frå dei tre vestlandsfylka. Til samanlikning har heile 22 har vore frå Nordland og Troms/Finnmark. Det er i grunn ganske påfallande at tala er så klåre, når vi veit kor viktig havet er og alltid har vore langs heile kysten. Fleire av landets største fiskerihamner og reiarlag, og hovudkontora og produksjonsanlegga til fleire av verdas største oppdrettsselskap ligg her på Vestlandet.

Utviklinga no er at ein samlar stadig meir av ansvaret for hav kring denne ministerposten. Noko som blant anna vert tydeleg gjennom at Bjørnar Skjæran har tittelen Fiskeri- og havminister. Det vil kunne bidra til å auke statusen og viktigheita av denne ministerposten i åra som kjem.

Langs heile kysten har ein mange av dei same moglegheitene og utfordringane. Denne hausten vedtok Vestlandsrådet ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka. Eit av dei mest sentrale punkta her er at ein i større grad må samle seg om å løfte opp saker der ein har felles interesser. Havet er eit slik område, og det er gledeleg at havet og havnæringane har fått ei sentral rolle i denne strategien. Etter vårt syn bør dette nyttast som ein plattform for å gjeva havet ei meir sentral rolle i ordskiftet når vi skal snakka om korleis Vestlandet som region bør utviklast framover. Og når vi skal snakke om korleis vi som nasjon skal forvalta våre havområde og ressursar. Vestlandet må tore å ta rolla som verdas leiande havregion.

Kanskje vert det då også heilt naturleg med ein fiskeriminister frå Vestlandet neste gong?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!