Haram Arbeiderpartilag er lokallaget i gamle Haram for Ålesund Arbeiderparti. På årsmøtet vårt i januar tok vi stilling til det arbeidet som går føre seg for å skape eit grunnlag for ei utmelding av Ålesund kommune. Dette arbeidet ønskjer årsmøtet å støtte.

Mange legg for dagen gode argument for at ei slik utmelding skal kunne skje slik at Haram skal kunne stille med eit nytt kommunestyre og ein organisasjon som er framtidsretta, effektiv og leverer gode tenester til innbyggarane i nye Haram frå 2024.

Årsmøtet gjekk gjennom mange av argumenta for og imot og til liks med mange av dei argumenta som har kome fram i media, så er det den økonomiske situasjonen i Ålesund kommune som det oftast blir lagt vekt på.

Det er tenester som har blitt flytta og innhald i til dømes skule som har blitt kraftig redusert. Døme på det kan vere vaksenopplæringa som har blitt flytta til Ålesund og ressursane i skulen som gjer at til dømes Brattvåg ungdomsskule har redusert med sju stillingar dei siste par åra. Det gjer noko med situasjonen for både elevar, foreldre og lærarar. Kostnadane på tenester i den tekniske delen av den kommunale drifta har auka og tilgangen til fagpersonar å snakke med har blitt vanskelegare.

Dette er døme på tenester som er blitt vanskelegare og dyrare for dei fleste. Eit anna døme som er viktig er det tverrfaglege arbeidet som Haram var flink til. Gode prosessar på tvers av einingane førte til gode resultat. Vi tenkjer då særleg på det tverrfaglege arbeidet mellom barnevern, PPT og helsestasjon. Her kunne Haram vise til gode resultat i talet på barnevernssaker. Desse prosessane har stoppa opp og ikkje blitt vidareført i den grad ein kunne ønskje.

Årsmøtet peika også på den generelle auken i avgifter og skatt. Eit døme på dette er eigedomsskatten som Haram greidde seg utan. Utsiktene til ein auke i dei kommunale utgiftene vidare er i stor grad reell og ein ting å rekne med viss vi blir verande i Ålesund kommune.

Desse og mange fleire argument blir diskutert på begge sider.

Eit viktig argument for å ikkje vere ein del av Ålesund er bruken av tvang som regjeringspartia stod for i Stortinget då framtida til nye Ålesund kommune skulle avgjerast. Tvang er eit verkemiddel dei fleste tek avstand frå i vårt samfunn. Når det no skjer i ein situasjon som dette, så er grunnen til å reagere stor. Bruk av tvang ligg til regime og styresett rundt om i verda vi ikkje liker å samanlikne oss med. Og bruken av tvang har ein lei tendens til å vekke motreaksjonar som i dette tilfelle med ei reversering av kommunesamanslåinga i 2020.

Haram Arbeiderpartilag har innbyggarane i gamle Haram og deira ve og vel som fokus og årsmøtet meiner at innbyggjarane i gamle Haram er best tente med å styre kommunen sin sjølve. Her er mange fagfolk som har svært god kompetanse og vi har no sjansen til å gje den nye Haram den beste starten som ein kommune kan få og bygge på det som var bra både i gamle Haram og Ålesund.