Er Bibelen er eit openberringsord? For meg er svaret ja, og det forpliktar. Det gir eit fundament, ein ståstad. I skapingsforteljinga i 1. Mos 1,27 står der om skapinga av mennesket i Guds bilete, og så står der vidare på norsk: «som mann og kvinne skapte han dei.»

Noko som dei fleste nok ikkje veit, og som eg heller aldri har sett nemnt i samtalen framfor dette kyrkjevalet til no, er at i den hebraiske grunnteksten står det her faktisk «som hankjønn og hokjønn (zachàr u neqevà) skapte han dei».

Dermed er kjønnspolariteten om mogleg endå sterkare understreka i bibelens grunntekst enn den er på norsk. Er vi på veg inn i det kjønnsnøytrale samfunnet? Og skal denne folkekyrkja vår berre nikke «ja» til det? Dersom kyrkja gløymer fundamentet sitt, kva slags kyrkje blir det? Blir det ei kyrkje som Jesus kan kalle «si» (Matt 16,18)?

PER INGE VIK

Sokneprest i Skodje