Psykolog Marit Bruset har eg stor respekt for. Ho har i årevis tolmodig og sakleg prøvd å gjere folk merksame på den uretten som no vert gjort mot barn og unge her i landet når det gjeld kjønnsforvirrande propaganda og eksperimentell medisinsk behandling som ei fylgje av transideologien. Når regionsleiar for Human-Etisk Forbund, Inger Slinning i Sunnmørsposten 25. januar avfeiar Brusets uro, viser ho liten innsikt i problematikken.

Dette dreier seg ikkje om «en marginal gruppe av tilhengere av queerteori», men ein massiv påverknad av eit nytt samfunnssyn. Dette er i høgste grad ei sak for Human Etisk forbund. Deira humanistiske samfunnssyn byggjer på noko av det mest grunnleggjande i vestleg kultur, nemleg trua på fornufta og på vitskapen. Dette er noko queer-teorien og andre deler av woke-kulturen tek avstand frå. For dei er all sanning relativ.

Til dømes avfeiar dei, utan prov, at det finst to biologiske kjønn hjå mennesket slik det elles er i alle andre pattedyr. At kjønn skal sitje i hovudet som eit slags sjelekjønn, er ei religiøs førestilling og burde såleis granskast kritisk av nokon som faktisk har danna ei foreining for nettopp slike spørsmål. Alt anna er å svikte oppgåva si.

Aud Farstad

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!