Det er for tida relativt heftige meiningsutvekslingar om kor vidt Haram skal lausrive seg frå Ålesund — og etablerast som ei ny kommune. Gamle Haram kommune eksisterer ikkje, og vil aldri kunne oppstå på ny. Den som trur det tek skammeleg feil!

Barnesjukdomar

Personleg er eg ikkje berre skeptisk til ei lausriving, men eg er sikker på at det vil vere feil. Det meste av motstand til Ålesund trur eg baserer seg på kjensler og frustrasjon over «barnesjukdomar» i den nye kommunen — langt meir enn realitetar og kunnskap om kva vi eventuelt går til. La det med ein gong vere nemnt, Haram kommune var ei svært god kommune både å bu og drive næringsverksemd i.

Som næringslivskommune var Haram i særklasse! Samspelet mellom næringslivet og kommunen var unikt. Her har Ålesund noko å strekke seg etter! Dette til trass, er eg personleg meir opptatt av å tenkje framover enn å forherlege fortida.

Det kan kanskje også vere på sin plass å minne haramsbuarne, og då spesielt folket på Nordøyane, om at Nordøyvegen neppe ville blitt realisert om vi ikkje hadde blitt ein del av Ålesund.

Tok ansvar

Under avstemminga i Fylkestinget 11. desember 2018 stilte nesten alle politikarane frå Ålesund opp og sikra med 26 mot 21 stemmer at Nordøyvegen skulle realiserast. Dei fleste av oss minnast fylkesrådmannen sine mange forsøk på å «gravlegge» heile prosjektet. Han kunne lett lukkast med det! På det tidspunktet endeleg vedtak vart fatta, var det allereie bestemt at Haram skulle bli ein del av nye Ålesund kommune. Dette meiner eg var å ta ansvar!

Ikkje nok med det, men Ålesund kommune stilte også opp med heile 200 millionar kroner for å få på plass finansieringa. Det vart kanskje heilt avgjerande for prosjektet. Det bør alle merke seg - og kanskje spesielt forkjemparane for lausriving. Det finst nokre av dei på Nordøyane og dei bør tenkje seg vel om. Det er sjølvsagt naturleg å stille seg spørsmålet om Ålesund ville stille opp på ein slik måte om vi ikkje skulle bli ein del av same kommune? Neppe!

Hamnsundsambandet

Både som privatperson og næringslivsmann er eg svært opptatt av gode kommunikasjons- og infrastrukturløysingar. Eg sit i styret for Hamnsundsambandet AS, som også er eit prosjekt som er viktig å få realisert. Nordøyvegen er på ein måte ikkje heilt komplett utan eit framtidig Hamnsundsamband.

Eg kjenner meg trygg på at prosjektet berre kan la seg realisere om vi framleis blir ein del av Ålesund. Det må bokstaveleg talt arbeidast frå begge sider av dette viktige sambandet.

Vi i Haram har bruk for Ålesund - og Ålesund har bruk for Haram! Saman er vi mykje sterkare enn kvar for oss. Haram er kort og godt ein naturleg del av Ålesund kommune! Dette dreier seg om å løfte blikket, tenkje framover og bygge ein komplett og sterk region for framtida.

Universitetsby

Som næringslivsleiar ser eg utruleg positive resultat av at vi fekk NTNU til Ålesund. Ålesund har blitt ein universitetsby! Dette er heilt avgjerande for vårt lokale næringsliv, som skal konkurrere på verdsmarknaden. Dei maritimt retta bedriftene i Haram har hevda seg der ute og stått sterkt mellom anna på grunn av vilje og evne til innovasjon. Meir enn nokon gong tidlegare vil høg kompetanse vere avgjerande for vår konkurranseevne.

Vår bedrift, Nogva Motorfabrikk AS, har rekruttert mange medarbeidarar frå NTNU og vi har også fått høve til å ta del i det nyskipa selskapet DIPAI AS. Dette er eit selskap med fleire doktor-ingeniørar som har forska på og utvikla system for prediktivt vedlikehald på mellom anna maskiner og maskinelt utstyr ved bruk av kunstig intelligens. Dette selskapet må absolutt kunne seiast å vere eit produkt av NTNU. For næringslivet i regionen er NTNU viktig - og for det internasjonalt retta næringslivet i Haram heilt avgjerande for vår framtidig konkurranseevne. Nok ein god grunn til at vi ikkje bør lausrive oss frå Ålesund.

Manglar argument

Det eg saknar mest av alt frå dei som vil lausrive Haram frå Ålesund, er gode argument og dokumentasjon på korleis ei ny kommune skal klare seg økonomisk. Eg skulle meir enn gjerne sett ein «opningsbalanse» for «Nye Haram». Frå sentralt politisk hald er det mest tåkeprat.

Noverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum (SP) gjekk tidleg i valkampen i fjor ut å lova å stille opp økonomisk for dei tvangssamanslåtte kommunane dersom dei ville lausrive seg. Dette er slike ting som er lett å love i ein valkamp, der å vinne valet er viktigare enn noko anna. Men meiner han det og vil han og resten av regjeringa legge til rette for at det skal vere økonomisk forsvarleg? Det er eg på ingen måte trygg på — og det er i det heile meiningslaust å stemme for lausriving den 3. mars utan å vite kva økonomisk fundament ei ny kommune skal stå på.

Alvorleg varsko

I brev av 12. november 2021 til mellom anna Ålesund kommune, skriv kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram mellom anna at økonomisk oppgjer knyter seg til fasen etter at formelt vedtak om deling ligg føre. Dette strir mot all sunn fornuft — og eit alvorleg varsku for forkjemparane for lausriving! Skal vi lausrive oss frå Ålesund, må vi i det minste vite kva økonomiske realitetar vi går til.

Eg var tidleg ute å hevda at eg var for samanslåing av Haram og Ålesund. Eg har ikkje skifta meining — og eg er trygg på at det er ei framtidsretta løysing.

Kjell Norvoll, Søvik

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!