Drivhuseffekt er forresten nokså misvisande i denne samanhengen, fordi eit drivhus er tett, slik at varmen som er komen inn, slepp ikkje ut før det går lang tid. Men i mangel på eit betre uttrykk vart dette etablert.

Det er akkurat dette som er teorien eller ideen om drivhuseffekten. At desse sokalla drivhusgassane – eller klimagassane som ein kallar dei no – hindrar jorda frå å sleppe ut overskytande varmestrålar – infraraude (IR) strålar.

Ja, det er rett, men CO₂ er ein ganske beskjeden gass i so måte. Det er mindre enn å samanlikne eit tynt laken mot ei tjukk dundyne.

Tenk deg at du sit ein mild og fin sommarkveld ute på verandaen, eller i hagen og nyt kveldssola. Vêret er skyfritt og heilt klart. Temperaturen er kanskje 24–25 grader C. Så går sola ned og temperaturen droppar brått ned til kanskje 17–18 grader. Det vert ganske så kjølig ganske fort. Men vêret er så fint at du vil nyte det litt til, så du går inn og hentar deg eit pledd som du breier over deg. Men det går ikkje lenge før temperaturen droppar endå meir og det vert ubehageleg å sitje ute. Du går inn.

Så, ein annan kveld sit du der ute att. Det er behageleg mildt, men i kveld er det litt skya ver. Sola går ned, men temperaturen fell berre sakte ned til kanskje 20 grader. Så går det ganske lenge før den sakte men sikkert droppar noko særleg meir. Det vert ikkje ubehageleg før det lid mot natt. (I begge tilfelle reknar vi med det er nokolunde vindstilt).

Kva var det som skjedde? Kva var forskjellen?

Jau, i første tilfelle var det klart, ingen skyer, så då var det berre dei sokalla drivhusgassane/klimagassane (CO₂ er usynleg) som heldt på varmen som sola hadde tilført. (Tynt laken). Då forsvann varmen ganske fort ut i rommet/atmosfæren/ verdsrommet.

I andre tilfelle var det skya (vassdamp) som i tillegg til «klimagassane» heldt på varmen (tjukk dundyne). Då tok det mykje lenger før varmen slapp unna.

Dette er ikkje berre noko eg finn på. Det er slik det verkar.

I tropiske, tørre område, den arabiske ørken f.eks. merkar ein dette nesten kvar kveld. Når sola går ned droppar temperaturen gjerne frå nesten 50 grader til under 20 grader i løpet av ganske kort tid.

Når du har gått i 50 graders varme ein heil dag, kjennest det ganske kaldt når den kjem under 20 grader. Det hender ikkje sjeldan at når dagtempen ikkje er «meir» enn mellom 30–40 grader så er bilrutene tilrima om morgonen og der fraus is på sølepyttar.

Dette er berre ein liten illustrasjon på kor lite dei sokalla «klimagassane» har å seie. Og det brukar vi hundredevis av milliardar kroner på å overvinne–kvart år! Nei, verda kokar ikkje og kjem heller aldri til å gjere det.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!