«Risikoen for den gravide tiltar utover i svangerskapet. Vi anbefaler derfor gravide kvinner som er i 2. og 3. trimester vaksinasjon med mRNA-vaksine mot koronavirus. Gravide som tilhører en risikogruppe for covid-19 kan også vaksineres frå 1. trimester, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.».

Svangerskapet vert delt inn i 3 periodar: 1. trimester frå 0 -13. veke, 2. trimester frå 14.–26. veke, 3. trimester frå 27. veke – ut svangerskapet. Ei fersk publisering i Science, Public Health Policy and the Law tek for seg vaksinering av gravide og konkluderer med at det er trygt. Ei nærmare gransking av artikkelen gjev eit anna resultat:

Ser ein på dei kvinnene som vart vaksinert føre 20. svangerskapsveke, fann ein at 80–90 % av svangerskapa enda med for tidleg fødsel/abort. FHI tilrår likevel vaksinering i 2. trimester og 6–7 veker av denne periode er før 20. veke! Det er eit faktum at meldingar om dødsfall og alvorlege biverknader har auka kraftig etter at ein starta med covidvaksinering. VAERS (Vaccine Adverse Events Reporting System), er ein database som tek mot melding om dødsfall, alvorlege og mindre alvorlege biverknader ved bruk av vaksinar og medisinar i USA. VAERS-data publisert 9. juli 2021 av CDC viste totalt 438.441 rapportar om uønska hendingar frå alle aldersgrupper etter COVID-vaksinar, inkludert 9 048 dødsfall og 41.015 alvorlege skader mellom 14. desember 2020 og 2. juli 2021.

Pr i dag over 16000 dødsfall. Tala er sannsynlegvis mykje høgare idet forsking har vist at berre ein liten prosentdel av bivirkningar/døde vert meldt inn til VAERS: sannsynleg ein stad mellom 1-10%, så det er berre å gonge ut.

Men så kan ein seie at desse tala er ikkje noko prov for at vaksinen er årsak. Det er rett, ho kan vere årsaka til 0 tilfelle, alle eller ein stad i mellom. Grunnen til uvissa er at det nesten ikkje vert gjort obduksjonar etter moglege vaksinedødsfall. Men no har dr. Peter Schirmacher, sjefspatolog ved Universitetet i Heidelberg og ein av dei fremste patologane i landet, autopsert 40 pasientar som døde dei første 2 vekene etter dei vekk «covidvaksina», og det han fann var at ho var avgjerande for 30-40% av dødsfalla.

Nyleg har to personar gått ut i både nasjonal og lokal presse, den eine er såre nøgd med alle vaksinane han har fått, den andre angrar sterkt på at han ikkje let seg vaksinere, men måtte li seg i gjennom ei sjukdomsperiode. Kva skal ein seie til dette? Dei bør begge takke sin skapar, den eine for flaksen han har hatt, den andre for at han no har fått den beste immuniteten som er å oppdrive.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!