Vedtaket om nynorsk i den nye Ålesund kommune er eit solid demokratisk vedtak, gjort i alle fem kommunestyra, for nokre til og med to gongar. Noreg er eit folkestyre.

Når ein tidlegare ordførar frå Høgre i tidlegare Ålesund kommune hevdar at dette er ein udemokratisk prosess, så er det berre ein tom påstand. Også Høgre har vore med i prosessen. At eit demokratisk vedtak ikkje går din veg, er ikkje udemokratisk, det er faktisk grunnleggande demokratisk. Det er ikkje noko ein skal sutre over til ein får det som ein vil.

Forvaltninga er folkets tenarar og skal gjere som folkevalde organ har bestemt. Dersom dei tilsette ikkje har den kompetansen som krevst må dei skaffe seg han. Når ein etatsleiar nektar å halde seg til eit demokratisk fatta vedtak, er det faktisk ein avskilssøknad. Eg kan knapt tenkje meg andre saker der ein leiar går ut og fortel at han ikkje vil gjere jobben sin, og så får verte verande i jobben.

Det er også oppsiktsvekkjande at over halvparten av bokmålsbrukarane i forvaltninga ikkje ein gong vil ta i mot opplæringstilbod i det dei seier dei ikkje meistrar. Her er det openbert behov for eit grunnkurs i jobb-forståing. Noko av det som provoserte meg aller mest i debatten om språket i den nye kommunen, har vore nokre fagforeiningsrepresentantar sin obstruksjon av lovleg fatta vedtak.

Eit av argumenta som bokmålstilhengarane har nytta både i debatten i Ålesund og i debatten om språket i fylket, er at ein må ha bokmål av omsyn til tilsette utlendingar som har vanskar med nynorsk. Det er elles ikkje halde for gode argument i norsk politikk å gje avkall på norsk kultur av omsyn til innvandrarar.

Nynorsk og bokmål har vore likestilte språk her i landet i 130 år. Vi lærer båe språka på skulen. Det er ikkje opp til tilsette i forvaltninga å bidra til å ta livet av eit av språka i landet. Kan dei ikkje gjere jobben sin, får dei finne seg noko anna å gjere.

Eg vil framheve at dei folkevalde i Ålesund har kome språkbrukarane i møte i uvanleg grad ved å lage ein språkbruksplan som tar omsyn til dei språklege rettane til alle innbyggarane. Dette gjer nynorskkommunen. Den såkalla språknøytrale kommunen hadde aldri noko slikt, og gav blaffen i rettane til nynorskbrukarane. Vi gjer framsteg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!