Nye Ålesund kommune består av gamle Ålesund kommune pluss fire andre kommunar. Det er dei fire kommunane som er i fleirtal og difor var det naturleg å avtale at nynorsk skal vere administrasjonsspråk. I tillegg har dei næraste nabokommunane, Sula og Giske, nynorsk som administrasjonsspråk. Disse vert kanskje med i storkommunen ein gong i framtida.

Ein kan få inntrykk av at det i kommuneadministrasjonen er fleire som har ei underleg og gamaldags haldning til nynorsk som administrasjonsspråk. Kva kan det kome seg av? Dette handlar om administrasjonsspråk. Kommunen må sjølvsagt ha kompetanse til å svare med nynorsk på eit skriv frå ein nynorskbrukar på lik linje med at ein som sender eit skriv på bokmål skal få svar på bokmål. Administrasjonsspråket i kommunen får med andre ord ikkje innverknad på kva folk flest brukar som skriftspråk.

Alle kommunane rundt Ålesund har nynorsk som administrasjonsspråk.

Ålesund by har et talespråk som er ei dialekt og som slett ikkje er bokmål. Heile Sunnmøre har dialekter som byggjer på nynorsk, så kvifor skal ikkje nye Ålesund kommune ha nynorsk som administrasjonsspråk?

Det logiske svaret er, at sjølvsagt skal nye Ålesund kommune følgje sitt omland og bruke nynorsk. Møre og Romsdal fylkeskommune har nynorsk som administrasjonsspråk og det same har Helse Møre og Romsdal, samt Destinasjonsselskapet for Ålesund og Sunnmøre, med fleire.

Mange skular i nye Ålesund kommune har opplæring i nynorsk.

Det er nok mange som meiner at den som skal vere kultursjef i nye Ålesund kommune må kunne skrive og forstå nynorsk. Det er rett og rimeleg at dette er eit krav som følgjer stillinga. Det er ei underleg haldning for ein kultursjef å nekte å skrive nynorsk.

Ein kultursjef skal ikkje, på ein slik måte, øydeleggje for det kulturelle mangfaldet som til dømes skriftspråk er.

Det vert ofte brukt ord som nynorsktvang. Tenk om vi snur litt på det. Kven er det som vert utsette for bokmålstvang i svært mange samanhengar? Er det kanskje alle dei som brukar nynorsk i nye Ålesund kommune som vert utsette for bokmålstvang?

No som nye Ålesund kommune har fått med seg fire nynorsk kommunar i storkommunen, bør det haldast fast på den signerte avtalen om nynorsk som skriftspråk i kommunen. Nye Ålesund må ikkje vingle og svikte dei omliggjande nynorsk kommunane.

Det bør ikkje gløymast at Ålesund by og kommune for det meste består av folk frå omliggjande kommunar.

Alle kommunane på Sunnmøre, utanom Ålesund, har nynorsk som administrasjonsspråk og det fungerer godt, så kvifor skal det då vere så vanskeleg for bokmålsbrukarar at nye Ålesund kommune har nynorsk som administrasjonsspråk?

Forstå det den som kan.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!