I løpet av sytti år har Noreg gått frå å vere eit land dominert av lekmannskristendom og arbeidarrørsle, til å verte eit land som har innført ein stor del av den amerikanske populærkulturen, og der kristendomen har tapt hegemoni. Skulen skal ikkje undervise i kristendom lenger. No skal det vere eit religionsfag om religion og ikkje i religion. Tanken frå då skulen vart oppretta på 1700-talet, om at skulen skulle i hovudsak vere ei opplæring i kristendom er oppheva.

Kva har kome i staden? Vi har dei siste åra fått høyre om woke og cancel.

Woke er på den eine sida, at ein identifiserer seg som undertrykt av majoritetskulturen, som dei då skal nedkjempe. Dei er opptekne av rasisme, feminisme og homofile. Dei driv med digital uthenging av meiningsmotstandarar, i staden for å møte dei for å diskutere kva dei er usamde om.

Cancel er ein utestengingskultur. Dei som er tilhengarar av dette vil ikkje ha med motstandarane sine å gjere. Altså utfrysing. D.v.s. at ein trekk seg unna folk som ikkje har dei rette meiningane. Det synest eg er fælt. Sjølv har eg stor glede av å diskutere med folk som har andre meiningar enn meg sjølv. Vi har høyrt om amerikanske studentar som nektar å lese «Onkel Toms hytte». Det er ein roman om ein negerslave i USA på 1800-talet. Ein vil altså ikkje ha annan kunnskap enn det som støttar eigne meiningar.

Kulturendringar kan vere både positive og negative etter kven du spør. Dei som støttar woke-rørsla vil meine det er positive endringar, medan dei tradisjonelle vil meine, at det har skjedd ei utvikling til eit samfunn dei ikkje kjenner seg igjen i. Dei saknar den verda dei vaks opp i.

Det eg saknar er ei gjensidig respekt mellom tilhengjarane av dei to syna. Skal ein få respekt, så må ein også vise respekt sjølv. Då kan ein ikkje drive på med uthenging av folk med andre meiningar.

Magnar Storøy, Herøy