Resultatet var ein del av dei avtalar fem kommunar inngjekk i samband med at vi skulle få ein ny kommune frå 1. januar 2020. Fleire brikker måtte på plass i samband med samanslåinga. Av desse vart språkval avgjort av kommunestyret på hausten 2019.

Fram til desse dagar har det vore arbeidd med ein språkbruksplan for verksemda nye Ålesund komme. Dette ser eg på som positivt og nyttig for dei som skal følgje opp språkvedtaket.

Sunnmøre er sentrum for det nynorske språket i landet vårt. Ålesund er den største kommunen i denne landsdelen. Dei fleste kommunar har hatt og har nynorsk som vedteke administrasjonsspråk. Dei fleste innbyggjarar i Ålesund (ny kommune) har nynorsk som grunnmur i sitt tale- og skriftspråk. Dette gjeld også mange av bokmålsbrukarane i gamle Ålesund. Enkelte vil truleg protestere mot min påstand her!

Eg er skuffa over at arbeidet med språkbruks-planen ifølgje Kristin H.K. Devold har skapt usemje. Eg er skuffa over at fleire vil ha omkamp om val av språk. Nynorskmotstandarane dekkjer seg bak det å vere språknøytral. Alle veit vi at dette i realiteten inneber bokmål. All erfaring tilseier det. Difor er mi klare haldning: Ålesund er best tent med at nynorskvedtaket vert ståande og språkplanen (som eg har lese) vert vedteken med eventuelle mindre korrigeringar.

I nye Ålesund har vi fleire mållag som i denne saka har vore relativt tause. Fleire av bokmål-nøytralitetslinja vil helst skubbe nynorsken til sides. Dette må vi på andre sida kjempe mot. Meir engasjement frå målfolk og mållag vert med dette etterlyste. Kom på bana og ta ansvar.

Eg har elles eit inntrykk av at det i denne saka kan vere ein del mistydingar: Difor i klartekst: Alle innbyggjarar kan tale og skrive det språket dei ønskjer – også til ÅK. Språkvedtaket gjeld ikkje instansar innan privat verksemd, grunnskulane i kommunen har eigne reglar for val av språk der elevane sine rettar er sterke. Vedtaket gjeld innanfor ÅK der dei tilsette med få unntak må nytte nynorsk. Eg kjøper ikkje tilsette sin uvilje til å nytte nynorsk i sine saksutgreiinga. Arbeidsgjevar har vedteke og tilsette må rette seg deretter. Slik fungerer demokratiet i slike saker. Skap heller ikkje usikkerheit om tida etter 2023.

Eg føreset at ÅK nyttar seg av dei instansar som finst i arbeidet med kursing, opplæring m.m. der det er nødvendig. Medlemskap i LNK (Landssamanslutninga av Nynorsk Kommunar) reknar eg med kommunen alt er innmeldt i og kan få god hjelp frå. Likeins dei lokale mållaga.

Saman skal vi greie å byggje ein nynorskkommune det står respekt av – den største i folketal i landet vårt. Alle gode krefter må ta del i byggjearbeidet. Takk til dei som har stått fram med eit syn i saka eg kan slutte meg til. Fleire kan gjerne heve røysta. Demokrati er også å ta omsyn til eventuelle mindretal.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!