I budsjettet til Stranda kommune ser det ut til at «håp og tru» styrer budsjettprosessen.

Frank Sve sin skjermdump av kommunestyrepapira til Stranda kommune.

Å kutte fleire hundre tusen kroner med håper om ein mild vinter er heilt i tråd med andre aldeles håplause grunnlag som rådmannen og SP har lagt inn i budsjettet.

Kutt og rasering av eldreomsorga ved å kutte meir enn 10 mill. kr, samtidig som ein trur ein skal «spare» 2 mill. kr på sjukelønn, er rett og slett useriøst.

Tre gongar stilte eg spørsmål til rådmann/ einingsleiar i kommunestyret, om korleis det er mogleg å «spare» 2 mill. kr i sjukelønn i ein situasjon med sjukefråvær på 22 og 19,5 % før jul. Ikkje eit konkret svar var mogleg å få, berre at det var vanskeleg og krevjandes.

Ikkje verken vanskeleg eller krevjande å håpe på ein «mild vinter» eller kutte ut vikar og ekstrahjelp når hjelpepleiaren er sjuk, men jøje meg kva er det ein held på med?

Så rådmann, skal det kuttast enda meir i eldreomsorga fordi du har bomma fullstendig og håpa på ein mild vinter, medan snøen lavar ned?

Er det dei eldre som skal måtte finne seg i ytterlegare kutt, når ordføraren og SP alt har kutta 7 omsorgsbustadar, 7 sjukeheimsplassar og rasering av pleie og omsorgsbudsjettet med kutt på langt over 10 mill. kr? Eg berre stiller spørsmålet?

Frank Sve,kommunestyrerepresentant Stranda FrP

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!