Fagforbundet er den største fagorganisasjonen i Noreg med 340.000 medlemmar. Fagforbundet organiserer arbeidstakarar i offentleg og privat sektor. Eit stort fleirtal av medlemmane er tilsett i kommunal sektor (KS). Fagforbundet bygg si verksemd på fridom, likskap og solidaritet. Slagorda våre er OMTANKE, SOLIDARITET og SAMHALD.

For mange av Fagforbundet sine medlemmar som er tilsett i kommunen, er valet ekstra viktig. Den 14. september vel dei sin eigen arbeidsgivar.

Fagforbundet vil arbeide for å styrke det fagligpolitiske samarbeidet både sentralt og lokalt med politiske parti som deler Fagforbundet sine visjonar og mål.

Fagforbundet oppmodar om å stemme på parti som prioriterer velferd framfor kortsiktig gevinst. Fagforbundet nasjonalt har bede fylkeskrinsen og lokalforeiningane om å gjennomføre ei undersøking. Kommunepartia er i denne samanheng bedne om å svare på 9 arbeidslivsspørsmål. Vi presenterer med dette svara og oppmodar alle om å bruke røysteretten sin.

Det handlar om DI KOMMUNE, DIN KVARDAG og DITT ARBEIDSLIV!

Godt val!

ÅSHILD KRISTOFFERSEN

Leiar Fagforbundet Sykkylven

ANNE-BRITT SVINDSETH

Leiar Fagforbundet Sykkylven