Ekteskap og skilsmisse har blitt brukt som metafor for samanslåing og oppløysing av kommunar. Men om det er ein grei nok metafor, kan det ikkje brukast bokstavleg. To personar som inngår ekteskap er framleis to personar og kan skilje seg når som helst. I samanslåinga til nye Ålesund er alle partar så nær som éin utradert. Gamle Haram har berre ein einaste sjanse til å kome seg ut av dette «ekteskapet». Går det ikkje no, er døra stengd for alltid.

I nye Ålesund har økonomien gått frå vondt til verre etter samanslåinga 1. januar 2020, med store reduksjonar på mange felt i drifta som konsekvens – særleg i eldreomsorga og i skulen. Og meir nedskjering skal det bli. Dessutan står store kostnader i gamle Ålesund for døra – mellom anna eit svært kloakkanlegg på Kvasneset og eit stort løft i vassforsyninga.

Haram hadde god styring på økonomien før samanslåinga, og det er lite truleg at det kan bli så ille som i Ålesund om det blir lausriving. Så vidt eg kjenner til, er det god vassforsyning i alle delar av gamle Haram og bra infrastruktur elles, slik at store uventa utgifter er lite sannsynleg.

Fleire argumenterer med at «det vil gå seg til» i nye Ålesund. Ja, i den forstand at utgifter og inntekter må samordnast. Ingen kan drive med underskot over tid. Det betyr at dei kommunale tenestene i Ålesund må ned på eit nivå som er berekraftig i høve til inntektene. Så kan innbyggarane berre håpe at innkomene vil betre seg monaleg i åra som kjem (helst utan auke i eigedomsskatten) for mellom anna å møte dei store investeringane som står for døra i gamle Ålesund.

Eit viktig argument for å få Haram tilbake som eigen kommune, er nærleiken til kommunestyringa – dit du må vende deg for å «ordne ting», få opplysningar og sende søknader, og der vedtak i mange slag saker vert gjort. Ikkje berre den geografiske nærleiken, men like mykje den menneskelege og personlege.

Mest synleg er alle idrettsanlegga rundt omkring, som for størstedelen er bygde i samarbeid med og støtte frå Haram kommune. Medan bydelen Hessa i Ålesund har kjempa i årevis for å få seg ein idrettshall, bygde HaNo fotballklubb ein idrettshall på Haramsøya i åra 2011–12. I Søvika er ein ny hall på plass, og likeins klubbhus på Vatne og i Brattvåg. Utan eit nært og godt samarbeid med kommunen hadde alt dette knapt vore mogleg.

Men ikkje berre idretten har nytt godt av ein velvillig og framsynt kommune. Ei velforeining ville prøve å få bygt ei dagsturhytte på høgste fjelltoppen på Flemsøya (Skulen – ca. 500 m.o.h.). Søknad vart sendt, og berre 4–5 dagar seinare kom svaret – og byggeløyvet. «Skulebua» stod ferdig i august 2017. Mange andre døme på Haram kommune si støtte til gode initiativ finst omkring i bygdene her.

I ein mindre kommune kjem folk nærare kvarandre, og med kjennskap aukar tilliten folk imellom. Det gjeld også mellom dei som styrer og oss andre. Det gir rom for ei positiv innstilling, mindre byråkrati og betre og raskare sakshandsaming.

Knut G. Flem,Longva

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!