Er det meir sannsynleg at Hamnsundsambandet vert realisert om Haram er eigen kommune eller saman med Ålesund?

Eg ser at moglegheitene for realisering av Hamnsundsambandet er tema i innlegg frå både tilhengarar og motstandarar av at Haram skal verte eigen kommune igjen.

Som initiativtakar og første styreleiar i Hamnsundsambandet AS, og mangeårig medlem i valnemnda har eg reflektert litt over dette. Eg les med interesse korleis dei som vil halde fram i Ålesund hevdar at det er meir sannsynleg med realisering dersom vi er med i storkommunen. Underteikna argumenterte allereie i 2009 (kronikk i Sunnmørsposten februar 2009) for at prosjektet kunne vere realiserbart som et framtidig frivillig kommunesamanslåingsprosjekt med statleg tilskot. No meiner eg at den moglegheita forsvann som dogg for sola då lokale og sentrale høgrepolitikarar utan krav slo saman Haram med nye Ålesund mot folkemeininga.

Eg har nokre spørsmål til dei som hevdar at å halde fram i storkommunen vil auke moglegheitene for å realisere Hamnsundsambandet:

Kva er hovudutfordringa for å realisere sambandet, og kva strategi legg dykk opp til for å løyse den utfordringa, og kvifor kan den utfordringa løysast best i storkommunen?

Som tidlegare medlem i valnemnda har eg funne det svært utfordrande å finne representantar som vil engasjere seg i styret for Hamnsundsambandet AS. All ære til dei som har vore med og er med i dag. Kan storkommunetilhengarane vise til representantar frå eksempelvis Skodje, Ørskog eller andre område i gamle Ålesund som står i kø for å engasjere seg for realisering?

Giske kommune er medeigar i Hamnsundsambandet AS, og representantar derifrå har vore, og er, sterkt engasjert i prosjektet. Det er faktisk ein representant frå Giske som i dag er styreformann i selskapet. Meiner tilhengarane av storkommunen at Giske kommune også må slåast saman med nye Ålesund for å auke moglegheita for realisering, eller meiner ein at Giske kommune må ut av Hamnsundsambandet AS?

Er det meir sannsynleg at Hamnsundsambandet vert realisert om Haram er eigen kommune eller saman med Ålesund kan ikkje eg svare på. Det vil derfor vere interessant å få svar på desse spørsmåla frå tilhengarane av storkommunen.

For min eigen del er satsing på skule og ungdom det viktigaste argumentet for at eg ynskjer at vi kan etablere nye Haram kommune. Både skulebygg, lokalisering og lærarressursar er viktig og må prioriterast.

Det er ikkje å gå baklengs inn i framtida å snu den raseringa nye Ålesund gjer i skulesektoren.

Trond Seth,Brattvåg

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!