Eg har sett på han som trong, nokså sneversynt og provinsiell og med sterkt press på å ikkje skilje seg ut.

Det har vorte lettare å puste dei siste fem åra, og byen har tydeleg opna seg både for nye folk og idear og for dei nære omgjevnadane sine.

Men språkstriden, der erkeålesundarane verkeleg har vist si mest oppblåste og arrogante side, har vore vond.

I ein by og i eit land der engelsk mest er normalen i butikkar og kjøpesenter, og der ein ofte må snakke engelsk til folk bak diskar – noko ikkje ei sjel protesterer mot – hissar folk seg opp over at dei av og til må lese norsk frå kommunen.

Det norske språket som alle kommunane rundt oss nyttar, og som ligg i botnen av kulturen for alle oss som har aner på Sunnmøre (og elles i Noreg for den del). Det er flaut.

Eg har funne oppmuntring i at byen ikkje alltid har vore slik. Eg har ei hypotese om at Ålesund var det byen som tok best i mot nynorsk.

Det er ein påstand eg gjerne ser at ein språkforskar granskar nærare. Her er nokre moment til ei slik analyse: Heile Sunnmøre var Venstre-land og Venstre var det partiet som tok best vare på nasjonal identitet og på nynorsken.

Men til og med i Arbeidarpartiet, som aldri har vore svært engasjert i slike nasjonale identitetsspørsmål, var det nynorskfolk som slo an tonen i Ålesund då dei kom til makta ei stund midt på 1920-talet.

I motsetnad til Kristiansund og Molde, var Ålesund ein ung by utan ei stor, dominerande overklasse og her var «oppkomlingar» som gjorde det godt.

foto
Riksavis: Annonsar frå Ålesund 12. september 1928 i den nynorske riksavisa Den 17de Mai. Nokre annonserer på nynorsk, andre på riksmål. Avisa kom ut i hovudstaden, men var den riksavisa som nådde breiast ut i landet.

Språk er, som vi veit, også eit klassespørsmål. Kristiansund var til dømes meir klassedelt. Der danna fleire frå overklasse ei avdeling av Riksmålsforbundet, noko Ålesund ikkje har hatt.

Derimot var det mange såkalla høgstatusfolk i Ålesund som stødde nynorsken. Ein kan berre sjå på medlemslista over dei 90 første medlemmane i ungdomslaget Ivar Aasen. Dette må ha hatt ein sterk signaleffekt.

Den første nynorske dagsavisa kom ut i Ålesund, og mykje lokalt næringsliv var drive av nynorskrørsla eller av nynorskfolk. Også dei forretningsdrivande som ikkje var målfolk, kunne annonsere på nynorsk, slik illustrasjonen viser.

Ålesund kyrkje gjorde vedtak om å ha seks gudstenester i året på nynorsk. Kva for andre byar i Noreg vedtok slikt? Dessutan stod dei lågkyrkjelege rørslene sterkt på Sunnmøre og i Ålesund. Der song dei på nynorsk og las oppbyggjelege bøker på nynorsk.

Den viktigaste og mest varige kulturinstitusjonen i landsdelen er likevel Sunnmørsposten. Redaktør, venstremann og medlem i Ivar Aasen, Ivar Flem, var sjølv ein lærd mann som korkje hadde gløymt bygderøtene sine eller skamma seg over dei. Sjølvsagt skal det vere norsk på Noregs dag, skreiv han då det vart diskusjon om 17. mai-programma på nynorsk på 1920-talet.

Sunnmørsposten har normalisert nynorsken for innbyggarane i heile landsdelen, også for innflyttarar, slik Knut Andreas Oskarson har framheva. Avisa har berga oss frå den bokmålstvangen som elles dominerer i dei avisene som meiner seg å vere riksdekkjande. I tillegg skriv Sunnmørsposten eit talemålsnært bokmål med tre kjønn og diftongar i ei tid då bokmålet vert meir og meir konservativt.

Sjølv om eg altså ikkje er patriot, er det noko å vere stolt av både i Ålesund i dag og i Ålesund i fortida. Og sjølv om det ofte ikkje kan sjå slik ut frå lesarinnlegg og kommentarfelt, er det også mange byfolk som ikkje har noko i mot nynorsken i dag heller og som faktisk ser potensialet i den identitetsmarkøren som nynorsk kan bli for byen.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!