Ørskogfjellet har vore, og vil alltid vere, ei sentral strekning på import-/eksportvegen til og frå Sunnmøre. Fjellet har vore landskjent, gong etter gong, på vinterstid for trafikkork, forseinkingar og tunge køyretøy som står fast på glatta, men mest av alt kjenner mange vegfarande på dei opplevde farlege nesten-ulukkene oppover fjellet.

Tunge køyretøy, med titals tonn last, i svært sakte fart, set andre trafikantar si tolmod på prøve, også sumarstid, og mange, altfor mange, vågar seg på forbikøyring, og flaks hjelper gong etter gong, men kor lenge vil det gå?

Retteleg svært var det å sjå at ein delegasjon av samferdselspolitikarar frå Frp si stortingsgruppe tok seg tid til å gjere seg godt kjend med situasjonen her.

Tidlegare ordførar, Thorbjørn Fylling, var den rette karen, med rikeleg erfaring frå kampen for betre vegar, til å gje innsyn i historia til vegen over Ørskogfjellet, og utfordringane.

Når situasjonen på Ørskogfjellet er så tett på Regjeringa som med desse samferdselspolitikarane, så gjev det forventing om handling! Vi skal sjølvsagt følgje med kor det går!

At tiltak på Ørskogfjellet er planlagt for gjennomføring ein gong etter 2021, kan vere fire-fem år fram i tid, og endå verre, det kan nok ein gong gå så gale at tiltenkte midlar vert flytta i siste liten fordi «andre» treng pengane meir, slik vi har opplevd ein gong før.

For å sikre at liv og helse vert best mogleg vareteke på denne strekninga, er det viktig at pengar som er i «systemet» vert flytta litt fram og brukt straks på Ørskogfjellet.

Takk til komande nye Ålesund-politikar Thorbjørn Fylling, Frp sentralt og lokalt, for sterkt engasjement for krabbefeltet på Ørskogfjellet.

Utfordringa går no til dei andre partia, som her vert oppfordra til å gjere som Frp; møt fram på Ørskogfjellet, gjer dykkar eigne erfaringar frå trafikksituasjonen og vert overtydd om den faktiske trongen som det er for rask gjennomføring av tryggingstiltaket; krabbefeltet, opp mot Ørskogfjellet.

Og husk også, om det vert Møreaksen eller Romsdalsaksen er Ørskogfjellet aktuell for begge alternativa.