Som medlem i næringskomiteen på Stortinget finn eg oppspelet interessant og nyttig. For det er ingen tvil om at vi har mykje meir å hente på både å bruke havet og å ta betre vare på det. Og då bør vi tala meir om dette.

Havet utgjer 70 prosent av kloden vår og berre ein bitte liten del av dette er sett med menneskeauge. Men det er ingen tvil om at vi kan finne enorme naturressursar i havet. Mange artar som enno ikkje er oppdaga eller utforska kan gi grunnlag for å utvikle viktige medisinar og anna nyttig. Havet bidreg til å regulere klimaet og produsere oksygen, så vi kan puste. Fisk og sjømat gir mat til folk i verda.

Det seier seg sjølv at det ville vore katastrofe dersom vi stelte oss slik at silda eller torsken forsvann. Så i all vurdering av om det skal leggast til rette for til dømes utvinning av olje eller for havvindparkar, må det takast omsyn til fiskeria. Aktivitet og utslepp frå ulike typar næringsverksemd må ikkje skade havet: Vi er jo så avhengige av havet som matfat. Og helsa til havet er dessutan vesentleg for å sikre kloden ei framtid.

Eg tykkjer derfor at noko av det vanskelegaste er å skulle sikre vekstkraft og næringsutvikling samtidig som vi skal klare å sikre balansen i naturen og miljøet. Viss vi skal tala meir om havet, må vi heile tida ha med begge perspektiva. Og dette krev kunnskap både om moglegheiter og truslar.

Heldigvis er skarpe hjernar og teknologiutvikling med på å sikre at vi har moglegheiter til å utvikle både eksisterande næringsliv og nye næringar utan at det treng å true naturgrunnlaget. Eg har stor tru på næringsretta forsking der berekraft er eit grunnleggande prinsipp, og eg vel å vera teknologioptimist.

Statar som tek ansvar for å bevare økosystem og gjer grep for klimaet er likevel nødvendig. Strenge reguleringar og krav er somtid nødvendig, likeins kvotesystem som hindrar overbeskatning – og kontrollar som sikrar at reglar blir overhaldne. Dette kjem havet til gode.

Eg vel med vilje å tala overordna no, fordi eg oppfatta oppspelet frå Langset og Aarethun som nettopp overordna. Samtidig er det på sin plass å vise til at vi i Senterpartiet og Ap gjennom regjeringserklæringa vår, Hurdalsplattforma, viser til konkrete grep vi ønskjer å ta for å bidra til utviklinga i både den maritime og marine næringa.

Vi har som utgangspunkt at det skal førast ein aktiv næringspolitikk. Regjeringa og Stortinget har for oss ei viktig rolle i å legge til rette for utvikling. Vi må også sikre at det i krisetider (som i desse dagar) blir gjort noko for å hjelpe næringar som akkurat no slit, men som har framtida for seg, over kneika.

For den maritime næringa varslar regjeringa mellom anna ein grøn omstillingspakke. Noko av det viktigaste Norge kan gjera i klimaets namn er å bruke kompetansen vår til å utvikle ei sjøfartsnæring med lågare utslepp enn i dag. Då må vi bruke ressursar på bevare denne næringa og kompetansen i Norge.

Vi ønskjer at aktiviteten innan havbruk skal kunne vekse føresett at det skjer på ein føreseieleg, kontrollert og berekraftig måte. Vidare kjem det ei kvotemelding for fiskeri etter kvart. Der er det viktig at folk og aktørar frå Vestlandet som engasjerer seg for havet og fiskerinæringa kjem med innspel. Fornuftige løysingar for både folk og miljø må vera målet.

Eg ønskjer å ta oppfordringa om å tala mykje meir om havet! Langset og Aarethun kan vente seg ein invitasjon frå meg til eit møte. Eg vil gjerne diskutere korleis vi framover skal legge betre til rette for at fleire ser dei fantastiske moglegheitene havet gir oss dersom vi berre tek godt vare på det.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!