Han skriv i store bokstavar og får mykje medhald i kommentarfeltet. Han er misfornøgd med kollektivtilbodet og grunnar dette med ei rekke eksempel. Men mykje av det han peikar på, stemmer ikkje med ruteopplegget. Vi ønsker å svare på dei ulike påstandane.

«Bussen korresponderer ikkje med ferja på Magerholm’»

Det er korrespondanse mellom buss og ferje på Magerholm, og frå 1. mai auka tal på avgangar på strekninga frå to til tre i timen, i perioden 07.00–18.00 på kvardagar. På kveld, helg og sommar er det færre bussavgangar, og vi klarar ikkje å korrespondere med alle ferjeavgangar då.

«Det går ikkje buss til Ikornnes»

Jo, Fram tilbyr arbeidsruter som startar og sluttar på Ikornnes. Det er to avgangar frå Ålesund om morgonen og ein avgang frå Ikornnes kl. 15.35. Det er elles sju avgangar i begge retningar på kvardagar som korresponderer frå Hundeidvik/Ikornnes med buss til/frå Ålesund i Sykkylven. Det er ikkje lagt opp til noko reiseopplegg via ferjestrekningane Hundeidvik-Festøya/Festøya-Solavågen.

«Tomme bussar tek ikkje opp passasjerar»

Paulsen har rett i at det går ein del bussar merka «Ikkje i rute» forbi Nørvegata. Dette kan virke forunderleg for passasjerar som ventar på haldeplassen, men dette er bussar frå Nettbuss som skal returnere til stasjoneringsstad i Vågavegen, før dei skal ut i nye ruter. (Ingen bussar går i døgndrift). Dette gjeld spesielt rundt skoleslutt.

Denne strekninga mellom sentrum og NTNU har elles det tettaste busstilbodet i Ålesund. På kvardagar er det 130 bussavgangar det er mogeleg å ta.

«Busstilboda til hotella blei borte»

Det stemmer at bussane våre ikkje stoppar rett utanfor hotellfoajeen. Skulle vi latt rutebussane køyre nærare hotella ville det ført til lengre reisetid for alle passasjerar og sannsynlegvis dårlegare frekvens på bussane til og frå sentrum. Men flybussen som går via Skateflukaia og rutebilstasjonen stoppar i gangavstand til dei fleste hotella i Ålesund. Dei andre bussane stoppar også på haldeplassar nær hotella. Det er også ein eigen hotellshuttelbuss som køyrer på løyve frå fylkeskommunen.

«Flybussane går i utakt med flya»

Delvis feil. Det går eigen flybuss til alle større avgangar, i takt med flya. Viss eit av desse er forsinka, ventar bussen med avgang frå flyplassen. Kjem du med eit mindre fly, kan du velje å vente på neste flybuss eller bruke lokalbussen mellom Vigra og Ålesund som køyrer innom flyplassen.

«Du kjem deg ikkje frå Stokke til Borgund vgs. før det blir langfriminutt»

Dette er ikkje tilfellet. Det er fem avgangar frå Stokke på Ellingsøya som er på Borgund før langfriminuttet. Det er eiga skulerute frå Giske kommune/Ellingsøya som elevane nyttar. Avgang frå Stokke barnehage kl. 06.58 og framkomst Borgund vgs. kl. 07.50. Skolestart er kl. 08.15. Elles er det fire andre reisealternativ som er på skolen før klokka ringer ut til langfriminutt.

«Det er umogleg å levere bilen i Fremmerholen for deretter å rekke jobb i Breivika»

Det er ikkje noko problem, med mindre du har spesielle arbeidstider. Mellom kl. 06.51 og 07.56 er det fire avgangar frå Fremmerholen til Breivika. Reisa tar rundt 25–20 minutt med bussbyte på Moa. Dette skulle vere mogleg for dei fleste.

«Det er umogleg å ta buss frå Vegsundet og rekke jobb i Skarbøvika før sju»

Rutestatistikk og reisevaneundersøkingar viser at det ikkje er mange som reiser frå Vegsundet til Skarbøvika før kl. 07.00, men det er ikkje noko problem å få det til. Du kan ta buss nummer 440 kl. 06.04 frå Vegsund og vere i Skarbøvika kl. 06.49.

«Det er tre busskifte mellom Fjelltun – Larsgården»

Du treng ikkje tre bussbyte for å reise frå Fjelltun til Larsgården, det er nok med eitt. Men på grunn befolkningsgrunnlaget er det ikkje direkteruter på strekninga.

«Flatholmen–Hessa tar over ein time med buss og åtte minutt med bil»

Paulsen har rett i at det er ei utfordring å ta buss frå Flatholmen til Hessa. Ei av årsakene er at det ikkje går buss frå Flatholmen. Dette er eit industriområde med lite trafikkgrunnlag. Du må gå frå Flatholmen til sentrum, og deretter ta bussen til Hessa som går kvart 15 minutt på dagtid.

«Det er umogleg å kome seg til Vigra og ta 6.30 flyet til Amsterdam frå Stordal, Valldal, Nordal, Stranda med fleire»

Til Amsterdam-flyet er det kollektivtilbod frå Moa (kl. 04.40), Skateflukaia og sentrum, og vidare båt frå Hareid og buss frå Valderøya. Skulle vi opprette tilbod for alle andre stadar, ville dette koste uforholdsmessig mykje og gå ut over det generelle busstilbodet.

Sjølv om vi påpeiker at Paulsen i fleire tilfelle tek feil, skjønar vi at han ikkje har noko god oppleving av kollektivtransporten i Ålesund. Det er kanskje heller inga trøyst for han at tilbodet for dei fleste er bra. Det er nemleg eit grunnleggande prinsipp som styrer korleis vi legg opp busstilbodet vårt.

Enkelt sagt: vi har eit avgrensa budsjett, og vi må prøve å få mest ut av dette ved å sette inn bussar der vi kan frakte flest mogleg folk når det er mest trafikk. Då får folk flest og flest folk nyte godt av busstilbodet, og vi avlastar miljøet og anna trafikk.

Det betyr at det dessverre ikkje blir eit optimalt tilbod til alle reisande alltid. Møre og Romsdal har ein utfordrande geografi og spreidd busetjing, og det er ikkje realistisk å tenke at alle skal ta buss heile tida overalt. Men svært mange av innbyggarane har eit godt kollektivtilbod og kan kome seg greitt til og frå jobb, skole og fritidsaktivitetar ved å reise kollektivt.

Det er heller ikkje sant som Paulsen hevdar, at vi ikkje lyttar til brukarane. Med fleire millionar kollektivreisande i året, får vi både ros og ris, og vi jobbar kontinuerleg med å justere tilbodet, slik at folk opplever at kvardagen deira går opp.