I skrivande stund er vi nokre veker inne i ein valkamp som handlar om kven som skal bestemme retninga for kommunane og fylka dei neste fire åra. No er det lokalpolitikarane som er på val, ikkje stortingsrepresentantar eller rikspolitikarar. Vi bur alle i ein kommune. Difor er lokalvalkampen viktig. Han gjev oss moglegheit til å velje kva for parti og politikarar som skal ta avgjerslene som påverkar oss aller mest i kvardagen. Korleis vi tek vare på dei eldste mellom oss, korleis vi gjev barna våre ein best mogleg start på livet og korleis vi saman kan gjere lokalsamfunnet grønare og meir miljøvenleg.

Men valkampen skjer mot eit dystert bakteppe. Eit bakteppe som først og fremst er eit rikspolitisk ansvar, men som får store ringverknadar rundt om i norske kommunar. Stadig fleire familiar i Noreg opplever at anten mor eller far mister jobben. Den aukande arbeidsløysa skapar uvisse og utryggleik. Oljeprisen dett, det same gjer Oslo Børs. Vi er på veg inn i urolege økonomiske farvatn. Regjeringa kan ikkje klandrast for at oljeprisen dett. Like lite som Stoltenberg-regjeringa kunne klandrast for den internasjonale finanskrisa som oppstod på vår vakt. Det ligg likevel til den noverande regjeringa å handtere problema som oppstår medan dei står til rors. No opplever vi ein statsminister som heller enn å setje i verk tiltak mot den aukande arbeidsløysa anten sit urovekkjande passiv, eller nyttar eit kvart høve til å skulde på opposisjonen. Det vitnar om manglande vilje eller evne til å utvise politisk leiarskap. Og det bør vere urovekkjande for dei mange som no fryktar å miste jobben sin.

Arbeidarpartiet har lagt fram ei rekkje forslag som vil kunne bøte på situasjonen. Våre framlegg handlar både om å ta vare på dei som no har mista jobben, styrkje bedriftene si moglegheit til å halde på viktig kompetanse i ein krevjande situasjon, og om å setje Noreg i stand til å skape nye arbeidsplassar og satse på grøn omstilling. Regjeringa sin respons på Arbeidarpartiet sine framlegg var lunken, nett som forventa. Det er sikkert politisk opportunt for Solberg å stille seg avvisande til forslaga, men det er høgst usikkert om det tener norske bedrifter, arbeidsplassar og familiar.

Stortingsvalet ligg to år fram i tid. 14. september i år skal du seie di meining om kven som skal løyse utfordringane i din kommune. Men lokalpolitikarane som frå hausten av skal peike ut retninga for lokalsamfunna, er avhengige av at regjeringa legg forholda til rette for at dei skal kunne gjere ein best mogleg jobb. Vi kryssar fingrane for at Erna Solberg og hennar regjering vaknar i tide, og gjev kommunane rammevilkår og ein økonomi som set dei i stand til å løyse dei utfordringane vi står overfor. At dei viser den leiarskapen som er naudsynt for eit Noreg i motgang.

FREDRIC HOLEN BJØRDAL

Stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet