«Haram ut av Ålesund" er klar på at Haram var særs framtidsretta og framoverlent. Det skal Haram halde fram med å vere etter utskiljing frå Nye Ålesund også.

«Vi som vil være i Ålesund» hevdar at HUAÅ er mest opptatt av det som var. Det er heilt feil. Motsett ser det ut som at «Vi som vil være i Ålesund» fører som hovudargument «dess større dess betre», og det er vi slett ikkje einige i. Det høyrest mest ut som det er 10–20 år sidan Haram eksisterte, det er det faktisk ikkje. Haram blei tvangsinnlemma for berre to år sidan og var då langt meir moderne og framtidsretta styrt enn det Nye Ålesund er i dag. Vi registrerer også at dei meiner at folket i Haram stort sett lever liva sine i Ålesund. Det er vel ein forunderleg påstand?

Haram var ein viktig industrikommune som la stor vekt på samarbeid og utvikling. Dette fekk Haram bevis for under Arendalskonferansen i 2019. Då fekk Haram første nasjonale pris som beste vertskapskommune for næringslivet. Og det i kommunens siste leveår. Denne kulturen er ikkje like høgt verdsett i den nye storkommunen. Vidare var det i Haram kommune både politisk og administrativ vilje til å vere både løysings- og regionsorientert. Og kvifor kan ikkje Haram, som var av dei beste på regionsbygging, stå åleine og vere med å bygge regionen utan å framleis stå i tvangen?

Ingen kommune er perfekt, heller ikkje gamle Haram. Men det positive var langt overskyggande. Mellom anna førte samarbeid mellom næringsliv, industri, frivillige lag, foreiningar og kommunen til at ein skapte svært mykje positivt for innbyggarane. Noko av det siste var til dømes Norborghallen. Dei nye klubbhusa til IL Ravn og Brattvåg IL er resultat av det same. Dette var tiltak Haram tok med inn i nye Ålesund. Trur vi kanskje at slike viktige samfunnsprosjekt vert lette å få til i storkommunen i åra framover? I Haram hadde vi ein god og framtidsretta skule, m.a. gjennom eit godt innarbeidd to-lærarsystem. I 2020/21 vart drift av skulane kutta til beinet, og no skal det kuttast enno meir. Dette går ut over barna og barnebarna våre, og ekstra hardt ut over dei mest sårbare som treng spesialpedagogisk oppfølging. I sum kan vi seie at tvangsekteskapet har gjeve oss dyrare og dårlegare tenester.

I Nye Ålesund er det ein betydeleg risiko for stor auke i eigedomsskatten dei komande åra. I tillegg store kostnader som kan kome med Kvasneset, vassforsyninga samt ev. store etterslep i gamle Ålesund skapt av sin Robek-historikk. Skulle dette materialisere seg, vil det bli belasta alle innbyggarane i kommunen, også Haramsborgarane, og dermed føre til stor auke i kommunale gebyr.

Haram har også ei formue på 270 mill. i Nye Ålesund. I 2020 med ei avkastning på 16 mill. For 2021 vil avkastninga vere om lag 14 prosent, altså 37-38 mill. Det er mykje pengar. Kva har innbyggarane i Haram fått tilbake?

Tvang er sjeldan eit godt utgangspunkt for eit godt ekteskap. Tvangen har vore og er særs sår for Haramsborgarane, og denne gongen er skilsmisse til det beste.

Det er no opp til innbyggjarane i gamle Haram, og det er no eller aldri.

Harald Nordang,Styreleiar i «Haram ut av Ålesund»

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!