Ved å handplukka fakta, kom han til resultatet han ynskte – ein temmeleg vanleg debatteknikk, som her «underbygde» påstanden at CO₂ ikkje gjev særleg oppvarming,

Drivhus bygg på at kortbølga lys- og varmestrålar frå sola går gjennom glas og inn i drivhuset. Der vert mykje reflektert, men som langbølga stråling som ikkje går igjennom glas. Varmen vert stengd inne og temperaturen stig.

Tilsvarande for Jorda: Solstrålane går igjennom atmosfæren, men dei reflekterte strålane er langbølga, som møter «glas» og vert stengd inne.

«Glaset» er i hovudsak tre gassar: Vassdamp, CO₂ og metan.

Rusten har rett i at vassdamp er den viktigaste. Men klimaet på Jorda er tilpassa dette, utan den og ein del CO₂, ville jorda vera fryseboks. Mennesket kan gjera lite direkte med vassdampen.

Metan har ca. 30 gongar meir isolasjonseffekt enn CO₂, men brytast ned på 10–12 år. Den har moderat verknad av di det er lite av den – men har auka mykje dei siste 10–20 åra.

År 1750 ca. 700 ppb (delar pr. milliard), no ca. 1900 ppb. Den kjem mest frå rotning, drøvtyggarar som fis, kol, olje og gassutvinning (naturgass = 75-95% metan) og metanhydrat i varmare hav brytast også ned og gjev metan.

Mennesket kan påverka nokre metankjelder, men det som skremmer fagfolk mest, er om dei enorme permafrostviddene i nord for alvor tek til å tina og rotna. Stiginga i seinare år kan ha slik årsak.

CO₂ har også naturlege kjelder, t.d. vulkanar og smeltande permafrost, men menneska sin aktivitet frigjer også CO₂.

Nivået var 278 ppm (delar pr. million) rundt 1850, og er 417 ppm i dag – ca. 50 % auke.

Vitskapen meiner stiginga i hovudsak er menneskeskapa og fortel det er 3 mill. år sidan CO₂-innhaldet var så høgt. Den gongen det var skog på Svalbard og alt som no er lavtliggande kyst, låg under vatn. Temperaturen no stig ca. 250 gongar fortare enn stiginga som smelta siste istida. Ca. 46 % av CO₂ mennesket lagar, blir i lufta og er hovudårsaka til stiginga. CO₂ brytast svært sakte ned.

417 ppm – vel 0,04 % – verkar lite. Men isolasjonseffekten er stor.

Det skal ikkje alltid mykje forstyrring til i eit system i balanse, før ubalanse kan oppstå.

Og ein effekt av skyene som Rusten ikkje nemner er at det tek mykje energi å fordampa vatn (vel 1/2 kW/t pr. liter). Dette lagrast i dampen som latent varme og blir frigjort når dn kondenserar til dropar. Delar av den strålar tilbake til jorda. Så i tillegg til at skyer isolerer, gjev auka fordamping meir skyer og meir varme tilbake til jorda også slik.

Så sjølv den «vesle» temperaturstiginga vi har hatt no, har effekt og gjev ubalanse, påviser vitskapen.

Ja, klimanektarar bles av slikt: «Vi veit betre enn dei dumme og korrupte vitskapsfolka».

Men mi erfaring er at vitskapsfolk berre er vanlege folk med særleg mykje kunnskap om eit emne, og sjansen for at ein med mykje kunnskap om noko har rett er større enn at synsarar har det.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!