Volda kommune starta førbuingane til Gyda i god tid, såg vi av reportasjen i Sunnmørsposten 12. januar. Eia var vi der, tenkte eg og fekk rett.

På Sjøholtvegen trua tette vasspostar grunna is og harde brøytekantar med å sende vatn inn i privathus slik det har hendt så mange gonger før.

Nettopp desse vasspostane som er så problematiske, har vore innmelde fleire gonger før til Ørskog kommune.

Kona mi ringte kommunen og fekk til svar at dei «skulle legge det inn», men kva betyr det når ekstremvêret allereie har starta?

Eg tok med spade og spett for å fjerne snøen og isen slik eg har gjort så mange gonger før på den kommunale vegen.

Men så hendte det som er utruleg, men sant i Ålesund kommune. Medan eg og dottera mi jobba i regnvêret med å opne vassposten, kom ein kommunal bil med to utearbeidarar køyrande. Dei rulla ned ruta og såg på at vi gjorde jobben deira, men kom ikkje ut for å hjelpe til, for desse to slukane låg visst ikkje på lista deira, ei liste dei sa var mangelfull.

Situasjonen opplevast som provoserande og kona mi ringte igjen til kommunen og fortalde om dei to tilskodarane i bilen. Ho fekk då lovnad om at ei med leiaransvar i kommunen skulle ringe tilbake, det har ho enno ikkje gjort.

Spørsmåla er:

Har ikkje kommunen oversyn over vasspostane på kommunale vegar, og i så fall kva gjer kommunen for å skaffe seg det?

Er kommunen kjent med at dei ligg føre ein flaumkartlegging i det svært utsette sentrum i tidl. Ørskog kommune?

Kor lenge må eg som pensjonist, måtte sjå føre meg å gjere kommunen sin jobb og samtidig betale skyhøge gebyr?

Kjell-Arne Tjervåg, Ørskog

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!