Det vil seie at om lag to tredelar av sunnmøringane hadde nynorsk som sitt skriftspråk, endå fleire som sitt talemål.

Slik AaFK etter årtusenskiftet endra identitet frå å vere det til dels forhatte AaFK til å verte heile Sunnmøre sitt fotballag, slik vil og bør Ålesund vere heile Sunnmøre sin by. Spesielt etter samanslåinga. Då er det ikkje urimeleg at gamle Ålesund gir noko til resten av fogderiet, at byen opnar seg for fleirtalet sitt språk både ved å respektere det, bruke det og odle det. Dette har det politiske fleirtalet forstått. Språkvedtaket kan bli ein milepåle i Sunnmøre si kulturhistorie, eit vedtak som Ålesund og resten av Sunnmøre i historisk perspektiv vil vere stolte av.

Det er ikkje slik at innbyggjarane i gamle Ålesund heretter kjem til å drukne i eller bli kvelte av nynorsk. Bokmål vil framleis vere størst og mest synleg. I massemedia, i næringslivet, i reklame, på soslale medium, bloggar og andre arenaer vil det vere dominerande. Alle elevar som har bokmål som skulemål, kan halde fram med det. Alle som ynskjer det, får brev, fakturaer, meldingar og annan informasjon på bokmål. Tilsette kan bruke det i det daglege arbeidet sitt.

Vedtaket om nynorsk er såleis ikkje den største katastrofen som har råka gamle Ålesund etter Svartedauden og bybrannen. Det er heller motsett. Det vil føre bygdene og byen nærare kvarandre. Det vil styrkje den gjensidige respekten og den sunnmørske identiteten, den som mange av oss vel er litt stolte av. Det vil vere ei vidareføring av Ivar Aasen sitt store demokratiske prosjekt, eit norsk skriftspråk bygd på talemåla over heile landet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!