Om nokre år står eigarane av toppleiligheitene i 14. etasje på terrassane sine og skodar mot vest, medan morgonsola badar rådhuset i all si prakt.

Då bør dei tenkje med takksemd på ålesundspolitikarane som torsdag kveld vedtok ein framtidsretta og naudsynt plan som opnar for slike høghus i dette området.

Berre forbiflygande måseflokkar vil sjå ned på dei, der dei benkar seg på solstolane høgt heva over både naboar og folkeskikken – vil somme meine.

Tapt utsikt og færre soltimar, øydelagde siktlinjer og aukande mistrivsel i nærmiljøet.

Det mangla ikkje på motargument i høyringsrunden.

Fortetting av sentrumsnære område og gode nok vilkår for utbyggjarane var argumenta for høghusvedtaket som no er endeleg fatta, opp og avgjort.

Skal ha ros

Difor skal dei ha ros for å droppe kompromisset, og peile ut tydeleg kurs i tråd med strategien dei sjølv har stilt seg bak i teorien, men sjeldnare i praksis: Skal sentrum ha ein sjanse, må det bu folk der.

Ålesund by må fortettast, så nært bykjernen som råd, og då må ein slutte å fore på heilage kyr. Dei må slaktast. Det må brytast barrierar.

Det blei gjort denne veka.

For grisgrendt

I juni sa kafédrivar og arkitekt André Klevberg dette til Sunnmørsposten:

– Vi er glad i festivaler og turistskip for da myldrer det i byen. Men i det daglige er vi for få, og oppfører oss for grisgrendt til å holde oppe trøkket.Det har han heilt rett i. Nyinnflytta barnefamiliar reiser no til sentrum i helgane, og medan borna deira kosar seg nesten aleine i hoppeslottet på Kiperviktorget, står foreldra undrande og lurer på kvar alle dei andre familiane er.

Det er ikkje nok at gråpapiret er borte frå butikkvindauga i Kongens Gate og at nye serveringsstadar opnar dørene.

Heller ikkje at nye kontorareal står der blanke og fine og at tilboda til dei parkerande er framifrå.

Det er kvardagslivet som tel, og det blir for lite levande liv i sentrum om ålesundarane berre bur i tomannsboligar og einebustadar med adresser nærare Sykkylven enn sentrum.

Folk må kunne traske mellom blokka, butikken, biblioteket og baren.

Det må vere mogleg for unge folk å busette seg i denne byen utan å eige ein bil.

Viktig signal

Då må det leggjast til rette for utbyggingar som den på Volsdalsneset og dette må også gjelde lenger vest i byen der andre areal ligg og ventar på nytt liv.

Det må vere råd å sjå for seg høghus også her og investorar som sit på gjerdet har no fått eit tydeleg signal om kva som kan vere mogleg.

Hadde vedtaket i bystyret gått i ei anna retning, ville dei nok skugga banen ein etter ein.

Sjølve jugendbyen, indrefileten, må tole eit og anna snitt.

I intervjuet med Sunnmørsposten ramsa André Klevberg opp heisrom, overbygde bakgardar, hengande hagar, verandaer og takvindauge. Slikt må til. Og der det er rom for å skvise inn nybygg, må det aktivt jobbast for å få det til innanfor lovverk og forvaltningspraksis.

Det må leitast etter vegar inn til gjennomføring, ikkje vegar utanom.

Smertefullt blir det for puristane, men kven har noko glede av å dyrke tomme betongskal?

Byen døyr utan folk.

Nå kan du si din mening om byutvikling i Ålesund - klikk på bildet og delta i debatten.