Kommentarforfatter Harald Kjølås.

Innan 1. desember, altså om 46 dagar må fylkeskommunane ha valt kva region dei vil høyre til. Møre og Romsdal er seint ute.

I den framifrå kronikken som dei to ordførarane, Jørgen Amdam og Stig Olav Lødemel hadde her i avisa fredag, konkluderte dei med at Nordfjord og Sunnmøre må vere i same region. Det meiner nok dei fleste sunnmøringar.

Det som blir dei viktigaste vekstmotorane framover blir dei store byregionane innanfor 2–3 timars reisetid. Som Amdam/Lødemel hevdar, så vil ikkje byregionen Bergen strekkje seg særleg lenger enn til Sognefjorden, og byregionen Trondheim vil knapt strekkje seg lenger enn til Halsafjorden på Nordmøre. Med Møreaksen, Hafast, Eiksundsambandet, Kvivsvegen, og Storfjordsambandet og ny ferjefri E39, vil byregionen rundt Ålesund kunne strekkje seg frå og med Romsdal i nord og langt ned i Sunnfjord i sør.

Det vil bli ein slagkraftig region Nordvestlandet som vi vil kjenne oss heime i. Ein slik region vil splitte to fylke, men både når det gjeld lynne, språk og tradisjon kjenner nok sogningane seg meir knytt til Bergensregionen enn til Nordvestlandet, og nordmøringane likar seg best blant trønderane.

Les flere saker om kommunereforma.

Byregionar

All forsking viser at over heile verda skjer det ei urbanisering og tilflytting til byregionane. Bo- og arbeidsmarknadsregionen rundt byane vidar seg stendig meir ut, etter kvart som vegar, tog og andre transportsystem blir utvida. Når politikarane skal trekkje grensene for nye regionar som også blir dei nye valkrinsane, må dei legge avgjerande vekt på å bygge naturlege byregionar som innbyggarane kjenner seg heime i og har slektskap til. Då trivst skaparkrafta og vekstambisjonen best.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Fråflytting

Spørsmålet ein så må stille er om slike sterke byregionar vil kunne bidra til at flaumen til Oslo spaknar? Same kor mykje ordførarane skryt av kommunane sine i denne regionen, så er det diverre eit faktum at ungdommen stemmer mot dei med føtene.

Eit vilkår for desentralisering vil også vere at det statlege byråkratiet blir desentralisert, slik at kvar slik region får overført det meste av ansvaret som i dag ligg i sentraliserte direktorat. Oslo, Bergen og Trondheim vil sikkert ikkje ha noko imot å bli kvitt litt av presset.

Kan du svare? Få svar på det du lurer på om kommunereforma

Vil bli rest

Møre og Romsdal er ein historisk konstruksjon utført av danske embetsmenn, og eininga har vore prega av mykje strid opp gjennom åra. Det vil neppe vere ei katastrofe om grensene blir skipla. Målet må vere å etablere regionar som kjennest naturlege for dei som bur der, og som er store nok og har vekstkraft nok til å vere liv laga. Nordvestlandet er ein slik region.