Kommentar 15. oktober

«Nordvestlandet er den regionen vi høyrer til i»

Nordvestlandet er ein naturleg region.

Sentrum: Ålesund vil vere eit naturleg sentrum i byregionen ?Nordvestlandet. Arkivfoto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Det vil bli ein slagkraftig region Nordvestlandet som vi vil kjenne oss heime i

Kommentar

Kommentarforfatter Harald Kjølås. 

Innan 1. desember, altså om 46 dagar må fylkeskommunane ha valt kva region dei vil høyre til. Møre og Romsdal er seint ute.

I den framifrå kronikken som dei to ordførarane, Jørgen Amdam og Stig Olav Lødemel hadde her i avisa fredag, konkluderte dei med at Nordfjord og Sunnmøre må vere i same region. Det meiner nok dei fleste sunnmøringar.