Fylkesutvalet i Møre og Romsdal sende i går Nordøyvegen eitt steg nærare realisering. Fleirtalet i fylkestinget vil slutte seg til dette når saka kjem opp i dag, men det skjer ikkje utan sverdslag - med administrasjonen

«Igjen», kan det vere freistande å seie. Nordøyvegen har vore vedteken mange gongar tidlegare, og flagga på Nordøyane har fått lufta seg gong etter gong. Etter kvart vedtak har nye hindringar dukka opp, mellom anna i form av innvendingar frå fylkesrådmannen.

Fylkespolitikarane står likevel nok ein gong står fast ved tidlegare vedtak trass i motstand frå administrasjonen og svært sprikande konsulentrapportar.

Konsulentselskapet Deloitte har rekna på vegner av forkjemparar for Nordøyvegen, og sagt at vegen er sjølvfinansierande. Oslo Economics har rekna på oppdrag av fylkeskommunen, og fått eit langt dyrare prosjekt. Dei har lagt inn avsetningar til framtidig rehabilitering av tunnelane, framtidige bussruter, lågare bompengeinntekter og høgare rente.

Fram til endeleg vedtak må kostnadane vurderast vidare, men ein må kunne føresetje at fagetatane kan presentere tal som er like mykje å stole på her som med andre prosjekt. Nordøyvegen er grundig greidd ut.

Spriket i reknestykka er skapt fordi ein har slengt eple og pærer i same fruktkorg. For å gjere kompotten komplett blir det i tillegg kasta inn nokre eksotiske frukter som vi aldri før har sett i slike reknestykke.

Skrellar ein av dette, er ikkje avviket frå dei tidlegare kostnadsoverslaga større enn venta. Fylkestinget er difor på trygg grunn når held fast på kursen som er lagt i tidlegare vedtak.