Sjansen for at byane i Møre og Romsdal har stupt på hovudet ut av stortingssalen, er også svært stor.

Så langt ser det smått ut for representasjon frå dei tre byane i fylket. Byborgarane i Møre og Romsdal får truleg berre ein, maksimalt to, på tinget. Resten er bygdefolk. I dag er tre av dei ni frå Ålesund, og ålesundaren Pål Farstad (V) representerer i tillegg Kristiansund.

Nominasjonen er ikkje ferdig i alle parti, men det meste av kabalen er lagt. Omsett til kommunenamn ser lista slik ut, inkludert usikre namn på kampplassane:

Ørskog, Volda, (Hareid), Halsa, Ørsta, Sunndal, Surnadal, Midsund, Averøy, Smøla, Kristiansund og Ålesund. Ni skal inn, og det blir smått med byfolk.

Pål Farstad toppar rett nok lista til Venstre etter at han kom inn på utjamningsmandat sist. Det skal medvind og flaks til for at han seglar inn på Stortinget igjen. Ironisk nok kan «nordmørsopprøret» gjere sjansane hans mindre.

Marianne Synnes (H) kan fort bli einaste byborgaren på Mørebenken neste periode. Kirsti Dale (Sp) gav i ein tilsvarande kommentar i Nytt i Uka nyleg heller ikkje Synnes særleg gode utsikter. Dale peika også på at Sunnmøre generelt har kome dårleg ut av nominasjonen.

Kva så da? kan ein spørje. Er ikkje Møre og Romsdal uansett eit bygdefylke? Byane er små, sjølv om Ålesund nyleg passerte 47.000.

Betyr det noko om stortingsrepresentanten er barnefødd i Dalsfjorden eller på Aspøya? Er det viktig? Svaret på det er ja. Sjølv om heimeadressa ikkje skal påverke jobben, så gjer den det på sitt vis uansett.

Til og med grunnlovsfedrane våre var opptatt av slikt. I den såkalla «bondeparagrafen» i Grunnlova var det eit prinsipp at ein tredel av dei folkevalde skulle vere frå byane.

Den gong gav det byane overrepresentasjon, sidan berre rundt ti prosent budde i byar då. I dag er det snudd på hovudet. Fleirtalet bor i byar. Kvar tredje nordmann, 1,7 millionar, bor til dømes i byane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger/ Sandnes og Drammen. Dei tre byane i Møre og Romsdal har samla meir enn kvar tredje av innbyggarane i fylket. Resten bor i ei bygd eller ein bygdeby.

Sjølvsagt skal den folkevalde representere heile fylket. Det er likevel ikkje tvil om at engasjementet for Ålesund sine særskilde utfordringar veg tyngre i flyttelasset Harald Nesvik (Frp) har med seg heim til Ålesund enn det gjer i Jon Georg Dale si snippøskje frå Dalsfjorden.

Positivt for bygdene sjølvsagt, men ei utfordring for Møre-byane sin posisjon i kampen rundt det statlege grautfatet. Har du stått midt oppe i bypakke-kampen i årevis, står du den nærare også når du skal til Stortinget. På same måte når det forståinga for statlege institusjonar som held til i byane.

For dei nær 100.000 by-borgarane i fylket er det ikkje anna å gjere enn å stole på bygdefolket. Om ikkje Oslo-toget er gått enno, er det for seint for dei fleste bypolitikarane å møte opp på perrongen. Dei kan berre skulde seg sjølv.