I sommar kryssa vi fjorårskurva, og den positive utviklinga held fram. For første gong på ni år har Sunnmørsposten fleire betalande abonnentar enn året før.

Pluss

Det er lesarane sin vilje til å betale for god journalistikk på nett som er viktigaste årsaka til oppturen. For å kunne lese pluss-artiklar på smp.no må ein abonnere på Sunnmørsposten, og det er det stadig fleire som gjer. Dei sakene vi legg i pluss blir tilgjengelege for abonnentane våre fortløpande, og dermed kan vi oppdatere lesarane både raskare og betre enn tidlegare. Det betyr at alt ikkje er gratis, og det opplever vi at dei fleste forstår.

Annonsesvikt

Dei siste åra har vore prega av kraftig fall i annonseinntektene. Det er ikkje lenge sidan annonsane stod for 60 prosent av inntektene til avisa, medan abonnementsinntektene utgjorde rundt 40 prosent. I neste års budsjett er det lesarinntektene som er størst, og det viser kor viktig abonnentane er.

Vi har ikkje pressestøtte, men lever av dei inntektene vi klarer å skape sjølve. Når inntektene sviktar, har det mellom anna samanheng med at stadig fleire millionar annonsekroner, som tidlegare gjekk til små og store norske mediehus, no går til internasjonale selskap som Facebook og Google. Det er eit faktum vi må ta konsekvensen av.

Digitalisering blir ofte sett på som ein trussel mot mediebransjen, men vi ser heller på teknologi som moglegheiter til å lage endå betre journalistikk. Sunnmørsposten har etablert eit «laboratorium» i redaksjonen, der vi prøver ut nye digitale fortellarteknikkar. Ei stor samling med diplom og prisar er synlege prov på at dette sunnmørske digitale utviklingsmiljøet hevdar seg godt, også internasjonalt.

Demokratiet

Den viktigaste drivkrafta vår er at god journalistikk bidreg til betre samfunn. Godt opplyste borgarar er avgjerande for at demokratiet skal fungere, og det er i denne bransjen vi jobbar.

Då det tidlegare i haust vart kjent at Sunnmørsposten måtte kutte kostnadar, fekk eg eit hyggeleg brev frå ein abonnent som spurde om det var noko han kunne gjere for å hindre kostnadskutt i avisa. Og svaret er klart; Hald fram som abonnent. Dess fleire abonnentar vi får, dess meir kan vi utrette.

Takk til alle som er med på laget

God helg