Planen var to dagar med møte bak stengde dører for å bli einige om intensjonsavtale for ny kommune. Ingenting skulle offentleggjerast før intensjonsavtalen var i hamn. Forhandlingsutvala for Eid og Selje kommune gjennomførte møte om kommunesamanslåing på Gloppen hotell 3. og 4. januar i år.

Etter press frå Fjordenes Tidende vart dørene opna 4. januar, men både rådmann og ordførar heldt fast på at dei hadde gjort rett då dei heldt møtet lukka første dagen.

Sunnmørsposten klaga Eid og Selje inn til Fylkesmannen for brot på offentleglova, kommunelova og forvaltningslova, og fekk fullt medhald. Avgjerda om å lukke desse møta på Gloppen hotell var ikkje lovlege.

Heldigvis har både ordførar og rådmann gjort heilomvending, og det skal dei ha ros for. I ein e-post til Sunnmørsposten skriv rådmann Ørnulf Lillestøl at dei beklagar at møtet var lukka frå ålmenta: «Dette skulle sjølvsagt vore eit ope møte begge dagane. Vi beklagar denne glippen og takkar pressa for påminning om dette».

Vi er meir enn heldige som bur i eit ope, gjennomsiktig demokrati som Norge. Men vakre ord om meir openheit og meir demokrati må følgast opp i praksis. Det viser mellom anna rapporten som Pressens Offentlighetsutval presenterte denne veka. Utvalet har granska kor lang tid 15 departement bruker på å journalføre og publisere dokument. Dette tidsaspektet er viktig. Dersom det går for lang tid før dokument blir tilgjengelege for offentlegheita, kan politikarar og forvaltning vedta saker i det stille utan debatt. Dette blir særleg ille i kontroversielle saker av stor samfunnsmessig betydning. Granskinga til Offentlighetsutvalet viser at 13 av 15 departement har ein praksis når det gjeld journalføring og publisering av postlister som er kritikkverdig og lovstridig. Her må det ryddast opp.

Ingen av oss er perfekte, og alle kan gjere feil. Det er behov for journalistar som opnar dører og informerer om vesentlege saker, og det er behov for engasjerte lesarar som passar på at vi gjer jobben bra nok. Oppdraget med å informere, overvake makta og legge forholda til rette for ein konstruktiv, offentleg debatt er stadig like aktuelt.