Det er likevel eit faktum at fleire faktorar peikar i retning av at den trygge utviklinga i retning av vekst og samhandling mellom liberale demokrati ikkje lenger er like sjølvsagt. Tal frå Norsk medborgarpanel viser at andelen nordmenn som er tilfredse med demokratiet her i landet, har gått ned frå 76 til 61 prosent på halvanna år.

Dei med høgast utdanning er mest nøgd med demokratiet, mens blant dei med berre grunnskule er det berre halvparten som er nøgd med demokratiet.

Tilsvarande tendens finn ein både i Europa og i USA.

Nokre synlege resultat er Brexit, Trump-siger i USA, og ein framvekst av høgrepopulistiske parti i Europa.

Vekst med taparar

Verda har gjennomgått ei stor økonomisk forvandling dei seinare åra som kjem av auka globalisering. Det har skapt ein eineståande økonomisk vekst, ikkje minst i delar av den fattige verda, men det har skapt mange taparar blant dei som har sett jobbane sine reise til land med lågare lønnsnivå.

Ei bølgje av innvandring av stort sett ufaglært arbeidskraft som har konkurrert ut mange som hadde ufaglærte jobbar, skapte også harme.

Det låg også mykje harme bak dei som stemte på Donald Trump, og bak dei som sikra eit knapt fleirtal for britane si utmelding frå EU. Ei kjensle av urett skaper harme. Det er nok å vise til ulvemotstandarane i Hedmark.

Harme skaper motreaksjon, og både i USA og i Europa gjer det seg utslag i auka nasjonalisme. Det var nasjonalisme som skapte nasjonalstatane, og det er i den ramma vi har skapt både rettsstatar og demokrati.

Nasjonalisme kan vere trygt, men det kan også vere farleg.

Svekka samarbeid

Etter krigen har det internasjonale samfunn bygd opp ei lang rekkje samarbeidsorgan med formål om å gjere verda tryggare og skape vekst og framgang. No slit mange av desse organisasjonane. Overnasjonale organ er svekka. Det gjeld EU, NATO og også FN.

Meir nasjonalistiske medlemsland svekkjer det internasjonale samarbeidet, og gjer verda mindre trygg.

EU har bygd opp eit gigantisk byråkrati som har redusert medlemsstatane si makt, og mange medlemsstatar meiner dei får for lite igjen av medlemskapen. Det er difor ein risiko for at dette store og viktige EU-prosjektet kan kome til å forvitre fordi integrasjonstilhengarane ikkje har hatt magemål.

Einaste berginga no er truleg å føre tilbake meir makt til nasjonalstatane.

I heile etterkrigstida har sentrum-høgre parti (konservative/kristelegdemokratar) skifta om å ha makta med sentrum-venstre parti (sosialdemokratar/sosialistar). Desse har vore drivkrefter i samarbeids- og integrasjonsprosessar i Europa, og har skapt mykje velstand, men også mykje harme som har ført til euroskepsis.

'Ein framvekst av høgrepopulistiske parti ser ut til å vere eit resultat. I Ungarn, Polen og Tsjekkia har slike parti alt regjeringsmakt, og fleire val i år, både i Frankrike, Nederland og Tyskland, kan gi maktskifte.

I tillegg kjem Trump-effekten som i det minste skaper både tvil og uro.

Heldigvis ser det ut til at det amerikanske systemet som balanserer makta mellom ulike statsorgan, vil kome til å legge ein dempar på det Trump kan få gjennomført.

Han har også fleire svært kompetente statsrådar som kan halde han i øyrene, og det treng han med så lita politisk røynsle som han har.

Trusselen frå aust

Eit kjenneteikn blant mange av dei høgrepopulistiske partia er at dei har stor sans for den russiske diktatoren Vladimir Putin.

I Europaparlamentet brukar desse partia å stemme til Russlands fordel.

Dei ser på Putin som ein sterk leiar, og som ein som representerer eit alternativ til liberale leiarar som opnar opp for multikulturelle samfunn.

Også i vårt heimelege Frp er det fleire som er imot straffereaksjonane mot Russland.

Det er uansett eit faktum at våre hemmelege tenester utpeikar russiske hackar-miljø som ein aukande trussel mot Norge, og det er liten tvil om at desse miljøa både er finansiert og styrt av makthavarane i Kreml.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Militære installasjonar, kritisk infrastruktur og norske politikarar er utsette mål.

Eit meir uroleg Europa med sterkare frontar mellom Russland og Vesten, og eit Russland som er meir villig til å bruke makt, gir grunn til uro.

På Møre og Romsdal Forsvarsforening sitt møte onsdag med professor Janne Haaland Matlary og general Robert Mood, vart det opplyst at det ikkje ein gong finst eit hagegjerde rundt dei store ilandføringsanlegga for olje og gass, som til dømes Ormen Lange-anlegget på Aukra.

I utlandet blir slike anlegg verna med høge gjerde i fleire lag, og med både vakthald og alarmar.

Vi er så trygge på at det går bra at vi er lite opptekne av beredskap. Vi har sett før at det kan straffe seg, og vi treng ikkje gå så langt tilbake som til 9. april for å finne døme på det.

Vi treng skjerping på beredskap både fysisk og når det gjeld bruk av internett.