KOMMENTAR laurdag 11. februar

Går verda av hengslene?

Mange spør seg om verda er blitt ein farlegare stad å leve i. Alternativa for dei som tviler er ikkje mange.

SKAPER URO USA-president Donald Trump.  Foto: Scanpix/AP

Kommentar

Det er likevel eit faktum at fleire faktorar peikar i retning av at den trygge utviklinga i retning av vekst og samhandling mellom liberale demokrati ikkje lenger er like sjølvsagt. Tal frå Norsk medborgarpanel viser at andelen nordmenn som er tilfredse med demokratiet her i landet, har gått ned frå 76 til 61 prosent på halvanna år.