I sak etter sak har landsmøtet denne helga landa på standpunkt som klart tar omsyn til sentrum, og særleg til KrF. Til og med applausen var rausare til helsingstalane til samarbeidspartia enn til Siv Jensen.

Partiet sa nei til eggdonasjon og ja til pappaperm-kvote, fredar barnetrygd og kontantstøtte og tonar ned kampen for søndagshandel. Retorikken i flyktningpolitikken er av den moderate sorten, og partileiinga vann også slaget om ein «moderat» skattepolitikk.

Slik skal Høyre vinne valget: Se hva de lokale listetoppene mener er viktigst

Ser ein bort frå at partiet vil tillate sterkøl i butikk og «pils i park», er det lite att i programmet som kan setje seg fast i halsen på KrF.

Ikkje slik å forstå at debattane har vore skubba inn på bakrommet. Partiet har teke debattane ope, og det har vore fleire tøffe tak på talarstolen.

Det er mange i partiet som ynskjer seg eit tydelegare Høgre, eit Høgre som seier ja til skattelette, og ikkje eit «ja, men» som partiet seier no.

Det er mange i partiet som vil opne for søndagshandel, heller enn å seie at dei vil «tilpasse åpningstidene i handelsnæringen bedre til tiden når forbrukerne ønsker å handle».

Partiet står seg godt på å ta slike tøffe debattar i ope lende. Erna Solberg står uansett fjellstøtt som partileiar i sitt 13. år, og står fram endå meir samlande ved å gi rom for slike debattar i vanskelege sake.

Men som regjeringsparti i ei mindretalsregjering, i eit valår, står partiet seg også godt på å orientere seg om det politiske farvatnet rundt seg.

I det farvatnet treng partiet programformuleringar som gir handlingsrom når det stormar. Asylbarnsaka og budsjettforhandlingane med samarbeidspartia syner at evna til å justere kursen og søkje kompromiss er minst like viktig for Erna Solberg som å ri prinsipp på toppen av ei mørkeblå bølgje.

Eit slikt handlingsrom har partiet no sikra seg. Med eit litt meir lyseblått program styrkar Erna Solberg sjansane for å få samarbeidspartia til å mønstre på vidare i ein valkamp samla mot Arbeidarpartiet og i eit nytt borgarleg samarbeid etter ein eventuell borgarleg valsiger.

Kreftene i KrF som heller vil samarbeide med Jonas Gahr Støre, har ikkje fått ny ammunisjon denne helga. Den må dei i tilfelle vente med å innkassere til Framstegspartiet samlar seg til landsmøte i mai under ein langt skarpare retorikk og ei blåare fane.

Her finner du alt meiningsstoffet på smp.no!