Kommentar:

Kaos-kameratane

«Når styrke ble målt var vi sterkest – vi kjempet i lag». Slik song fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Arbeidarparti, men dei sleit med å treffe tonen.

Samla troppane Berit Tønnessen samla troppane rundt seg i årsmøtesalen, og gjorde det klart at ho gjekk inn for å gå til kampvotering – ei votering ho vann.  Foto: Hilde Hovik

Strid om posisjonar hang som ein eim over årsmøtet

Kommentar

Samstemt song skal elles vere ein styrke for Einar Gerhardsen sine «tillitsmenn», men fylkesårsmøtet i helga vart prega av alt anna enn samklang.