Onsdag 3. mai vart «Pressefridomens dag» markert over store delar av verda. I Norge vart det lagt ned krans på minnesmerket for den illegale presse under krigen. Det er all grunn til å heidre dei som ein gong risikerte livet for å formidle viktig informasjon, også her i landet. Vi treng å bli minna på at denne fridomen ikkje må takast for gitt.

Fleire organisasjonar har utarbeida indeksar som målar pressefridom, basert på kriterium som sjølvstende, om media blir utsett for press frå styresmakter, om rapportering kan skje utan risiko for vald og overgrep. Indeksen måler også graden av openheit i forvaltninga, mangfaldet av medium og om lovverket støttar eller undertrykker det frie ordet. Medan Norge og dei andre nordiske landa tronar heilt i verdstoppen, finn vi landa Nord-Korea, Eritrea, Turkmenistan og Syria i den andre enden av skalaen. Det landet som har hatt den mest dramatiske utviklinga siste året er Tyrkia.

Fengsla

I mai fjor deltok eg på eit arrangement om pressefridom der den tyrkiske journalisten Kadri Gürsel var invitert for å snakke om forholda i heimlandet. Han fortalde om risikoen som tyrkiske journalistar utset seg for ved å skrive kritisk om styresmaktene. Gürsel gjorde sterkt inntrykk. I oktober kom melding om han var blitt arrestert saman med 13 andre kollegaer i avisa. Han er framleis fengsla. Nyleg vart det kjent at påtalemakta i Tyrkia vil ha 15 års fengsel for Kadri Gürsel og dei andre journalistane. Mange pressefolk verda over har protestert, men førebels til inga nytte. Likevel må vi ikkje gi opp.

Ved årsskiftet sat over 300 journalistar fengsla verda over, og 21 journalistar vart haldne som gissel. Minst 58 journalistar vart i fjor drepne på jobb, i følgje Reporters Without Borders.

Grunnlaget

Pressefridom er hjørnesteinen i demokratiet. Ta ein titt på kartet over, og legg merke til samanhengen mellom graden av pressefridom og land med stabile demokrati. Utan pressefridom står alle dei andre menneskerettane i fare. Når journalistar trekk seg ut av farlege konfliktområde, er det ingen som rapporterer om overgrep. Det skaper endå farlegare samfunn. Sjølv om Skandinavia tronar på toppen av indeksen, betyr ikkje det at alt hos oss er perfekt. Media har eit særleg ansvar for å få fram ulike synspunkt i vanskelege saker. Svenske medium har fått skulda for å ha bidratt til framvekst av paralellsamfunn, fordi dei i for lang tid let vere å rapportere om uheldige forhold. Når folk fryktar å få brune merkelappar klistra på seg dersom dei bruker feil ord, stilnar den viktige debatten. Det er det berre dei ekstreme som tener på.

Stille spiralar

Fenomenet «Spiraler av stillhet» er ein teori utvikla av den tyske statsvitaren Elisabeth Noelle-Neumann. Den byggjer på at mange let vere å gi uttrykk for meiningar som ikkje blir delt av fleirtalet, fordi dei er redde for å bli isolerte og utstøytt av fellesskapet. Resultatet blir stor grad av sjølvsensur.

Slik kan det oppstå spiralar av stille i samfunnet, som fører til at vanskelege tema ikkje blir drøfta i det offentlege. Det må vi vere på vakt mot. For det er konstruktiv meiningsbryting som gir demokratiet næring.