Og kvifor skal vi bry oss med ei næring som klarer seg heilt strålande? Fiskerinæringa har gode tider. Det er godt med fisk i havet, eksporten slår stadig nye rekordar og lønsemda er det få som kan klage på.

Svaret er enkelt. Dette er ei næring som er så viktig for oss at den ikkje kan gøymast bort i interne og til dels tekniske debattar om kvotefordeling, leveringsplikt og strukturering.

Næringa er altfor viktig til at den berre skal ha plass havromspolitiske festtalar. Den betyr stadig meir nasjonen, og vi bør alle vere brennande opptekne av korleis den kan utvikle seg og leggje grunnlaget for endå større verdiskaping og gi endå fleire arbeidsplassar.

Næringa står allereie i dag bak ei enorm verdiskaping, og er ei viktig framtidsnæring for nasjonen. Samla verdiskaping, inkludert ringverknadane, er på 35,5 milliardar kroner. Det vert slått fast i ein fersk rapport frå SINTEF Oscean.

Vi snakkar om evigvarande, fornybare ressursar og store uutnytta ressursar.

Likevel får den altså sjeldan plass i det politiske rampelyset, om vi ser bort ifrå dei gongane den kolliderer med petroleumsnæringa sine interesser. Vi er mange som bør stille oss spørsmålet om kvifor det er slik. Fredag gjorde Fiskebåt Vest eit heiderleg forsøk på å løfte fiskeripolitikken inn i den lokale valkampen, og lokale listetoppar gjorde heiderlege forsøk på å svare for seg på spørsmål som strakk seg frå korleis vi skal stelle oss i høve til vår mektige nabo i aust til framtidig kvotefordeling og spørsmålet om vern av gytefelt.

Sjølvsagt er dette viktige spørsmål. Når norske fiskebåtar ikkje vågar å gå inn i russisk sone i frykt for å ende opp som reketrålaren «Remøy», er det ei sak som krev politisk merksemd. Og det er viktige politiske skiljelinjer mellom partia i spørsmålet om konsekvensutgreiing av oljeutvinning på viktige gytefelt som Mørebankane og Lofoten og Vesterålen.

Tenk deg ein valkamp på Island der fiskeri ikkje er ei av dei viktigaste sakene. Hos oss har krangel om vannskutarar større plass i den politiske debatten enn trålarflåten. Og berre i ulvedebatten får landbruket meir plass i mediedebatten enn heile den samla fiskerinæringa klarer.

Slik kan det ikkje halde fram. Vi i media har vårt ansvar. Om vi berre rykker i bandet når det er kriser, krangel og konflikt, er vi med på å tilsløre.

Og næringa sjølv er ikkje stort betre. I staden I staden for å vikle seg inn i introverte debattar om teknikalitetar som druknar i eit stammespråk som du må vere innfødd for å tyde, må den vise fram kva den betyr og kan bety for vår utviklinga av vår felles velferd.

Stabile rammevilkår, skatt, kvotar og reguleringar er viktig nok, men vi må ha større visjonar enn det som slepp gjennom maskane på ein gjennomsnittleg torsketrål.