Fiskeripolitikken og valkampen

Fiskar få veljarar med fiskeri

Fiskeripolitikken er ikkje det som flyttar veljarar framfor eit val. Det er eit sørgeleg faktum.

Litt - ikkje nok Yvonne Wold (SV), Geir Inge Lien (Sp), Else May Botten (Ap), Steinar Reiten (KrF), Pål Farstad (V), Helge Orten (H) og Sylvi Listhaug (Frp) samla til fiskeripolitisk debatt i Ålesund i går gjorde saman med Fiskebåt eit heiderleg forsøk på å løfte fiskeripolitikken fram i valkampen, men framleis er dette ei næring som som får ufortent lite merksemd sett i høve til kva betydning den har og kan få for verdiskapinga i Norge.  Foto: Morten Hjertø

Hos oss har krangel om vannskutarar større plass i den politiske debatten enn trålarflåten

Kommentar

Saker som ikkje avgjer val, får sjeldan særleg stor merksemd i valkampen. Stort sett er det heilt greitt. Kvifor skal vi bry oss om saker der skiljelinjene mellom partia er minimale?