Som venta takka KrF for seg som forpliktande støtteparti. Venstre har stor lyst til å bli med i regjeringa, men vil nok krevje større gjennomslag enn då partiet berre hadde ein samarbeidsavtale. Vil Frp gå med på det?

Budsjettet blir vedtatt

Sjølv om ikkje KrF og Venstre har sett og heller ikkje hatt noko ansvar for statsbudsjettet som kjem om vel ei veke, så er det all grunn til å tru at budsjettet får fleirtal med støtte frå KrF og Venstre.

Kristeleg Folkeparti er nøydd til å profilere kjernesakene sine endå sterkare fram mot kommunevalet om to år. Greier dei ikkje det, vil det ryke både mange ordførarar og kommunestyrerepresentantar.

Også Venstre må skjerpe seg, men som Venstre-ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo har sagt, så har Venstre alt teke mykje av kostnaden ved å halde Frp i regjering, og det å gå inn i regjeringa og profilere seg sterkare og tydelegare, treng ikkje gi noko tap. Snarare tvert om.

KrF åleine utanfor

Det å stå att som det einaste borgarlege partiet utanfor ei borgarleg regjering, kan vise seg å slite på lojaliteten til KrF-veljarane på Sør- og Vestlandet. Det er liten tvil om at KrF sine veljarar er meir borgarlege enn leiinga og tillitsmannsapparatet er. Knut Arild Hareide har ikkje nå nokon seriøs utfordrar som leiar, men han kan få det. Valkampen vart utan tvil forkludra av uklare signal om samarbeid med Støre og med SV på slep.

Det skal mykje til før KrF vil felle ei Solberg-regjering, og endå meir skal til om Venstre kjem med. Erna Solberg har opparbeidd seg eit tillitsforhold til leiarane både i KrF og i Venstre, som gjer at ho sit rimeleg trygt sjølv om regjeringa er i mindretal.

Tida til hjelp

Dersom budsjettet går greitt, treng ikkje dette bli nokon turbulent haust for regjeringa. Arbeidarpartiet er lysten på revansj etter valnederlaget, men treng tid til å meisle ut sin eigen politikk tydelegare enn før, og også rydde opp i intern personstrid.

Samarbeidet mellom dei fire borgarlege partia dei fire siste åra har skapt eit tillitsforhold og eit kjennskap til kvarandre sine posisjonar, som burde gjere det lettare å samarbeide sjølv om eitt eller to parti står på utsida. Mange av dei kompromissa dei er blitt samde om, gjeld som mønster også for ein ny periode. Både KrF og Venstre er sjølvsagt klar over at dei har oppnådd mykje med samarbeidsavtalen sin, men er nok skuffa over at dei i for liten grad har fått kredit for det av veljarane. Det kunne ha endra seg om det var ein statsråd frå KrF eller Venstre som hadde fronta sakene. Kanskje særleg for Venstre er det eit tankekors som etter ei tid kan gjere at partiet vil vurdere å gå inn i regjeringa?

Les fleire saker om stortingsvalet 2017.