Når vi likevel har hatt ein svak auke i folketalet så langt, så er det fordi vi har hatt stor arbeidsinnvandring. Ein kraftig vekst i maritim næring har vore den store drivkrafta.

Så kom oljesmellen og bråbrems i arbeidsinnvandringa. No bidrar arbeidsinnvandringa berre så vidt til folketalsauken. Ved inngangen til tiåret var netto folketalsvekst som fylgje av arbeidsinnvandringa på fleire hundre i året.

No er det berre ein auke i talet på flyktningar som bidrar til at vi framleis har ein betydeleg netto utanlands tilflytting. Dette er eit resultat av at kommunane i fylket har tatt sin del av ansvaret i den store busetjingsdugnaden etter flyktningkrisa i 2015.

Møre og Romsdal er trass dette eitt av fylka med lågast folketalsvekst i landet. Vi kan sjølvsagt trøyste oss med at dette er ei fornuftig tilpassing til endra konjunkturar. Det er fornuftig at arbeidsinnvandrarane flyttar att når jobbane blir borte, og ein slik fleksibilitet i arbeidsstyrken er eit gode.

Dessverre er det ikkje så enkelt. Dei endra flyttestraumane er nemleg også ein del av eit større bilete, og bak dette ligg ein meir varig trend.

Dette flyttetapet er i vekst. Sidan inngangen av tiåret har rundt 5.000 i denne aldersgruppa forlate fylket. Årsaka er ganske enkelt at ein stadig større del av ungdomskulla reiser ut for å ta utdanning.

Tala i fylkesstatistikken for Møre og Romsdal syner altså altfor klart korleis dei sterke sentraliseringskreftene framleis verkar. Folketalsveksten i Oslo og dei nærliggande områda er formidabel i høve til fylke som Møre og Romsdal.

Vi kan sjølvsagt håpe at betre økonomiske tider får dette biletet til å sjå noko lysare ut. Ein opptur i maritim verksemd vil heilt klart på ny få utanlandske leigearbeidarar tilbake.

Vi ser også at kommunane i fylket er attraktive for unge familiar med små barn, men langt frå nok til å kompensere for fråflyttinga av ungdom. Dessverre er det slik at altfor få av dei som flyttar ut for å ta utdanning, finn vegen heim att.

Sjølvsagt er det bra at ungdommen tar utdanning, og med det utdanningstilbodet vi har i fylket i dag, må mange av dei reise ut. Spørsmålet er korleis vi skal få fleire av dei tilbake.

Ein kan like det eller ikkje. Klarer ikkje Møre og Romsdal å utvikle byane som attraktive bu- og arbeidsmarknadar, vil vi tape kampen om framtida. Svingingar i talet på flyktningar og arbeidsinnvandrar vil aldri kunne gi ei varig endring.