Då var øvre delar av dalane på Austlandet og det som seinare vart dei to Agder-fylka med i det som vart heitande Vestlandet.

Det er såleis eit grovt identitetsran som skjer når fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane no prøver å rane til seg Vestlandet som namn på eit samanslått fylke som utgjer godt under halvparten av det vestlandske arealet og også under halvparten av alle vestlendingar.

Det blir noko som skurrar når ein både kallar seg og kjenner seg som vestlending utan å vere ein del av Vestlandet.

Sunnmøre har vore underlagt Gulatinget heilt sidan Håkon den gode på slutten av 900-talet.

Geistleg låg vi under Bergenhus len og stift, og vart ein del av Bjørgvin bispedømme i mange hundre år. Dette har skapt ein vestlandsidentitet som det vil vere bortimot kriminelt, og i alle fall kulturhistorisk urimeleg å røve frå oss.

I heile det 20. hundreåret har Vestlandet vore samansett av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Rett nok høyrde Nordmøre og Romsdal til Nidaros bispedømme og til Frostatinget, men fylket Møre og Romsdal har heile tida vore definert som eit vestlandsfylke, sjølv om nordmøringane ikkje har likt det.

Det blir i Stortinget denne saka skal avgjerast. I Sogn og Fjordane viser målingar at det har vore eit fleirtal mot eit slikt storfylke, men fleirtal på fylkestinget er nok til å gå vidare med planane.

Stortinget skal avgjere både samanslåinga og namnet. Fylkesnamna er regulert i ei eiga lov, og det må difor lovendring til om det nye samanslåtte fylket skal få lov til å rane til seg eit geografisk namn som femner om så mykje meir enn dei to samanslåtte fylka.

Mange instansar skal høyrast, og det er både positivt og naturleg at Språkrådet har signalisert motstand.

Det burde ikkje vere så vanskeleg å finne på andre namn som er meir dekkjande for den geografiske eininga dette blir.

Hordaland og Fjordane er blitt nemnt som eit meir presist alternativ.

Sogn og Fjordane var i si tid Nordre Bergenhus Len, og Bergenhus er eit tradisjonsrikt namn som kan passe på dette fylket, sjølv om dei i Sogn og Fjordane kanskje meiner det smakar for mykje av bergensmakt.

Det kan nok også ligge ein realitet i at slik blir det med makttilhøva i det nye fylket.

Eit anna alternativ som nok passar Sogn og Fjordane betre er Gulen eller Gula fylke.

I og for seg kunne Fjordane fylke passe, for både Hordaland og Sogn og Fjordane er dominert av fjordar.

Det som ikkje passar er Vestlandet. I så fall burde namnet vere: Mindre enn halve Vestlandet.

Desse nye regionane skal ha nye namn. For fleire av dei seier namnet seg sjølv som til dømes Trøndelag på dei to trøndelagsfylka, men det er fleire som får problem. Kanskje burde ei eiga nemnd med ekspertar leite fram namn som er dekkjande for dei nye regionane? Etablering av desse nye regionane kjem til å ta tid, om dei i det heile teke blir noko av.

I grunnlova står det at det skal vere 19 valdistrikt her i landet. Med nye regionar blir det færre, og det må difor grunnlovsendring til. Det kan tidlegast skje i neste stortingsperiode.

Både Hordaland og Sogn og Fjordane brukar argumentet om at også Rogaland og Møre og Romsdal er inviterte til å slutte seg til det nye fylket.

Det er ikkje eit godt nok argument for å rane til seg namnet Vestlandet.

Først dersom heile Vestlandet blir med, blir Vestlandet ei dekkjande nemning på ein slik region, men så langt har både Rogaland og Møre og Romsdal takka nei.

Inntil vidare vil difor namnet Vestlandet vere opptatt til bruk for ei større eining.