Ikkje slik å forstå at demokratiet er inne i sin siste time, men skal ein tru den ferske rapporten frå amerikanske Freedom House, har det sett sprekare dagar.

Diagnosen er at vilkåra for borgarrettar og politiske rettar er dei dårlegaste på fleire tiår. Sidan 2006 har det gått unna bakke heile vegen, og det er ingen teikn på at det snur straks.

Dei vestlege demokratia har stort sett nok med sine eigne plager, og det gir karar som Vladimir Putin, Tyrkias Recep Tayyip Erdogan, Nord-Koreas Kim Jong-un, filippinske Rodrigo Duterte og Kinas sterke mann, Xi Jinping, friare armslag. Tyrkia var eitt av landa som gjekk frå «delvis fritt» til «ikkje fritt» på rangeringa i år.

Eit nytt diktatur altså.

Berre for å ha det unnagjort: Norge ligg også på denne indeksen heilt på topp saman med våre nordiske naboar Finland og Sverige. La oss gjerne feire, men la oss ikkje drukne klarsynet i billeg musserande vin. For dette er ingen konkurranse der den som er på toppen av pallen, er vinnar.

For kvart land som fell nedover på denne lista, er også vi taparar. Våre medmenneske vert meir ufrie, og mange vert drivne på flukt. Samarbeidet mellom landa lir, og nasjonar og regionar blir meir ustabile.

Når Erdogan demonterer demokratiet i Tyrkia raskare enn ein fireåring knuser eit Lego-hus og regjeringa i Polen tar politisk nakkegrep på domstolar og pressa, då blir det fort også vårt problem.

Og når presidenten i verdas mektigaste demokrati stadig truar den frie pressa, i sin tale om rikets tilstand denne veka ikkje nemner demokrati ein einaste gong og berre så vidt sneier innom «freedom» i eit avsnitt på tampen av skrytelista, då er det heile den demokratiske verda sitt problem.

I dei gode gamle dagar, omtrent då frontane frå den kalde krigen tina, muren fall i Berlin, Sovjetunionen gjekk i oppløysing og Russland under Boris Jeltsin si leiing vakla nokre ustøe steg i demokratisk retning, såg alt annleis ut.

Då spela demokratiet med musklane, og stod fram vinnaren på ideologiane si slagmark – som ei kraft som ikkje let seg stoppe. Austblokka smuldra og nye demokrati såg dagslys etter tiår i mørke. Vi gjekk inn i eit nytt tusenår med optimisme, og tidlegare kommunistiske Polen, Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Estland, Latvia og Litauen marsjerte inn i EU.

Men det var før finanskrisa, gjeldskrisa og immigrantkrisa. Det var før den arabiske våren enda opp i nye diktatur og blodige krigar. Det var før populistar på ytre fløy, både til høgre og venstre, fossa fram i val i vestlege demokrati. Og det var før presidenten i USA proklamerte «America first», og sa opp jobben som den frie verda sin forsvarar og rollemodell.

Historia har vist oss det tidlegare. Demokrati kan gå i oppløysing i møte med autoritære ideologiar og populisme. Dei mørkaste skuggane låg over Europa med frammarsjen til nazismen, fascismen og kommunismen i mellomkrigstida.

Det er ein periode i vår nære historie må vi lære av, utan at vi med det må tru at historia vil gjenta seg akkurat slik, sjølv om symptom kan likne. Men vi må også ta lærdom av at ei mørketid går over og det nyttar å kjempe imot dei antidemokratiske kreftene.

Midt på 70-talet uttalte den tyske kanslaren, Willy Brandt, at «Vest-Europa har berre 20–30 år igjen med demokrati. Etter det vil etter det vil det gli, uendeleg og utan styring, på diktaturets omliggande hav».

Han tok feil. Før han døydde i 1992 hadde han både fått sjå Berlinmuren falle og gjenforeininga av Tyskland.

Demokratiet har livskraft i seg, men vi må stå opp for det.