Det var vel ein eller annan gong i tenåra det gjekk opp for meg. At Ålesund ikkje var min by. Eg vaks opp i Sykkylven, og var prega av historier om arrogante ålesundarar som kravde å få stå først i køen til skitrekket på Fjellsætra. Vi «bonane fra landet» var visst litt mindre verdifulle.

Nei, eg opplevde det ikkje direkte sjølv, men andre sine opplevingar var med på å forme haldningane mine. Det var så lite sjarmerande med folk som meinte dei var betre enn andre.

Då eg etter vidaregåande flytta frå Sunnmøre, vart eg ofte overraska over at folk tok det for gitt at eg, som sunnmøring, var glad i Ålesund. Slik var det ikkje. Ålesund var ikkje byen min. Eg hadde eit nærare forhold til både Oslo og Molde. Eg hadde ingen planar eller ønskje om å flytte til Ålesund.

Men så var det Sunnmørsposten då. Avisa som eg vaks opp med, som låg på stovebordet heime, og som eg alltid har vore glad i. Det var Sunnmørsposten som var årsaka til at eg flytta tilbake. Etter sommarjobb på Strandakontoret, vart det vikariat som journalist i Ørsta og Volda – og så hamna familien i Ålesund. Dette er meir enn 30 år sidan no.

Mine fordommar mot byarrogansen forsvann raskt i møte med hyggelege ålesundarar. Eg oppdaga at Ålesund er ein bra by å bu i. Men desse ungdomsminna kom tilbake då eg nyleg leste ein artikkel av Anette Sølberg Solbakk basert på masteroppgåva hennar med tittelen «Ålesund – liv laga?». Solbakk hadde undersøkt kvifor høgt utdanna personar flytta tilbake til Ålesund, og korleis dei treivst. I artikkelen frå 2009 skreiv ho mellom anna «Når politikerne i Ålesund sier de ønsker et tett samarbeid mellom by og bygd med Ålesund som motor, er ikke dette mulig dersom ålesundere generelt har en arrogant holdning til mennesker som kommer fra distriktet. By og bygd er avhengig av hverandre, da det er i byens omland den største verdiskapningen skjer.»

Professor Richard Florida var hovudtrekkplasteret på konferansefestivalen The North West sist veke. Vi er mange som meiner at han hadde lite nytt å melde. Vi har høyrt teoriane hans før. Men har vi lært?

Florida meiner mangfald og toleranse er avgjerande for at regionar skal oppleve positiv utvikling. Lokalsamfunn som er inkluderande, som klarer å formidle at alle menneske er like verdifulle, uavhengig av etnisitet, legning eller livsstil, er dei mest attraktive.

Det har skjedd mykje positivt dei siste åra, og samarbeidet mellom dei sju kommunane i Ålesundsregionen viser at noko unikt er i ferd med å skje. Visjonen om å bli den mest innovative og berekraftige regionen i Norge inspirerer. Alt kan ikkje løysast i kommunal regi. Haldningar kan ikkje vedtakast, og fordommar kan ikkje fjernast ved lov. Derfor er det behov for mange ulike tiltak for å lykkast.

Over fem tusen menneske fekk med seg nattevandringa for FNs berekraftsmål og konserten på Aksla sist laurdag. Då eg stod der i folkehavet, lytta til musikken og såg lysa frå Norges vakraste by, ja då kjende eg meg stolt og glad.

Stolt over å høyre til i ein by som har sett berekraft på dagsorden. Ein by som har ambisjonar. Som vil noko. Som vil inkludere. Som ikkje er seg sjølv nok. Glad for at dette er min by.

Norads konsert på byfjellet vart ei verdig avslutning på The North West. I dagane framover skal konferansefestivalen evaluerast. Alle tal må på bordet. Kva fungerte, kva fungerte ikkje, kva må bli betre? Dersom det viser seg at arrangementet har skapt meir samhald mellom by og land, dersom fleire er blitt stolte av byen sin og ønskjer å høyre til nettopp her – ja då er det også ein gevinst som må reknast med.