Eg har knapt vore i Molde på fritida sidan 240 millionar kroner dyre Sunnmørsbadet i Fosnavåg fylte bassenga i 2015.

Då var det fem år sidan Moldebadet opna. I desse åra blei det mange helgevitjingar med badeglade born over Romsdalsfjorden til det flotte anlegget på Reknes.

Med vel så gode fasilitetar på plass i Fosnavåg vart det tvert slutt på slike fogderioverskridande fjordkryssingar.

Sunnmøringar støttar sunnmøringar når vi kan.

Slik er det.

Eller er det slik?

Nær konkurrent

I Ulsteinvik, 25 minutt køyring unna Fosnavåg, har dei nyleg opna noko mindre Ulstein- badet – aldri meint som ein fullverdig konkurrent til Sunnmørsbadet. Sist veke kom meldinga om at Ulsteinbadet vil investere 2,8 millionar kroner i ei ekstra sklie, to badestampar ute og nokre fontener i barnebassenget.

Det er nok til å skaffe seg status som opplevingssenter, og 12,7 millionar i momsrefusjon frå staten. Slik sparer dei 10 millionar kroner, skaffar seg eit meir attraktivt anlegg og får dessutan høve til å auke opningstidene.

Heilt topp det, i Ulsteinvik.

Sunnmørsbadet gjekk ned 20 prosent i besøk ganske raskt etter at Ulsteinbadet opna. Kva talet blir når nyinvesteringane i Ulsteinvik kjem på plass, er for tidleg å spekulere i, men for den gode naboskapen er det neppe eit plussprosjekt.

Som det stod i det usignerte lesarinnlegget «Ureieleg av Ulstein» i lokalavisa Vestlandsnytt i Herøy sist fredag:

«Ulstein kommune bedyra at alt dei skulle bygge, var eit basseng. Korleis og kvifor skal omliggande kommunar ha tillit til Ulstein kommune i framtida?»

Våtare og våtare

Og våtare kan det altså bli på søre luten. I Volda er den legendariske, men nedslitne symjehallen i vakre Idrettsbygget frå 1963 bestemt utfasa. Denne veka handsama formannskapet analyserapporten frå dei sjølverklærte badeanleggsspesialistane i konsulentselskapet Asplan Viak. Dei tilrår kommunen å byggje eit såkalla «moderne folkebad» med 25 metersbasseng, opplæringsbasseng på 12 meter, 40 m² barnebasseng, rutsjebane, utekulp og enkle «velværeelement» som til dømes sauna, kaldkulp, boblebad og utekulp. Prosjektkostnad: 166 millionar kroner.

Besøksgrunnlaget er avgrensa til voldingar, ørstingar og tilreisande. Dette fordi nabokommunar har eigne badeanlegg både på ytre søre (Fosnavåg og Ulsteinvik) og i Nordfjord (Stryn symjehall, Hotel Alexandra og Trivselsbadet i Sandane).

Men konsulentane skriv ingenting om at ørstingar og voldingar i dag utgjer ein viktig del av kundegrunnlaget for dei allereie ferdigbygde badeanlegga på ytre søre.

Vert også Voldabadet bygd som skissert, er det snart like tett mellom badeanlegga som skisentera på søre Sunnmøre/Nordfjord.

Når alle skal ha, vert det ikkje nok til alle. Nokon risikerer å bli skylt ut med badevatnet.

Ålesund neste

Og her nord om Breisundet er det altså på same viset.

Haagensen-familien er no nærare enn aldri før byggjestart for Bybadet på Øvre Utstillingsplass i Ålesund sentrum. Ut frå skissene eit badeanlegg som blir det klart beste i fylket.

Det er sjølvsagt for lengst på tide at nordre og indre Sunnmøre får eit skikkeleg publikumsretta badeanlegg.

Einaste publikumstilbodet for bading i Ålesund er Moa svømmehall frå 1986, i praksis ikkje eit alternativ samanlikna med dei nye anlegga i regionen.

Men like fullt, både i Brattvåg og Sykkylven vert det no arbeidd med badeanlegg – tilsvarande det som er tilrådd i Volda, anlegg som vil redusere driftsgrunnlaget for det nye anlegget i Ålesund.

Asplan Viak er hyra som konsulentar både i Brattvåg og Sykkylven.

Eg kan ikkje forstå at det er grunnlag på Sunnmøre for sunn drift av moderne folkebad, badeanlegg, badeland, kall det kva du vil, i kvar ein krok. Isolert sett er det kanskje råd å rekne det inn for konsulentane, men samla sett er det regionalt nedbrytande. Badeanlegg som balanserer drifta heilt på grensa, får lite til overs til vedlikehald. Og forfallet kjem raskt i eit flislagt våtromspalass. Ingenting er tristare enn eit tomt og nedsarva basseng.

Gjeldsbyrda

Gjeldsbyrda til kommunar som driv og slår seg saman vert heller ikkje direkte lågare på dette viset. Inkludert Sykkylven, som no er i ferd med å melde seg på som aktuell medlem i Nye Ålesund, kan det bli bygd tre badeanlegg for rundt ein halv milliard kroner i storkommunen dei komande åra, noko av dette rett nok i privat regi.

Og er det så sikkert at det er i store badeanlegg borna lærer å symje. Norske born er dårlege symjarar. Berre rundt 50 prosent av norske tiåringar er definert som symjedyktige, ifølgje Norges Svømmeforbund. Tala elles i Norden er 96 prosent (Island), 92 prosent (Sverige), 79 prosent (Danmark) og 72 prosent (Finland), skreiv Utdanningsnytt i desember i fjor.

Fagfolk innan symjeopplæringa er skeptiske til dei store badeanlegga, og somme tilrår heller bygging av fleire enkeltståande opplæringsbasseng på 12,5 meter. Desse skal vere langt meir effektive læringsarenaer med mindre støy, færre folk og tryggare omgjevnader for born som skal lære å halde seg flytande.

Kanskje noko å tenkje på det, både for meir eller mindre synkeferdige sunnmmørskommunar - og enkelte konsulentar.