Bading på Sunnmøre

Våte draumar i kvar ei bygd

Om få år kan seks gedigne badeanlegg stå klare til å konkurrere om kundane over heile Sunnmøre. Risikoen for fuktskadar er høg

VOLDA SYMJEHALL: I si tid eit av dei raskaste bassenga i Norge og arena for halsbrekkande stupøvelsar av ymse slag. I dei årlege Julelauga på 1970-talet blei det sett flust av norske og nordiske rekordar her. Under stemnet i 1975 gjekk straumen, men voldingane fann fram stearinlys og redda kvelden, skriv Jørund Fet i jubileumsboka til VTI frå 1999. No har lyset brent ut for godt for det nedslitne anlegget, og i Volda – og fleire andre stader på Sunnmøre – vert det lagt planar om store badeanlegg til fleire hundre millionar kroner.  

Kommentar

Eg har knapt vore i Molde på fritida sidan 240 millionar kroner dyre Sunnmørsbadet i Fosnavåg fylte bassenga i 2015.