Myten om sunnmøringen og den sunnmørske grunderidentiteten heng tett saman med framveksten av møbelindustrien. Gjødsla med nøysemd, pågangsmot og pietisme vaks småbedriftene seg ut av kjellarane og vart starten på eit industrieventyr sunnmøringen stolt har identifisert seg med.

Og då eventyret nærma seg eit «snipp-snapp» for fleire 60 år seinare, hadde Ekornes allereie kjempa seg ut av si djupaste krise. Andre flagga ut, falma eller forsvann. Ekornes satsa på automatisering og robotisering, og vaks med kraft frå sterke merkevarer.

På mange måtar er det dette det handlar om no når kinesiske Qumei Home Furnishing Group bankar på døra. For 5,1 milliardar er kontrollen med leiande merkevarer og avansert produksjonsteknologi i ferd med å kome på nye hender.

Vi er naturleg nok urolege for kva dette betyr. Vi er urolege for arbeidsplassar, tap av eigarmakt og for lekkasje av avansert teknologi til investorar i eit land som ofte koplar politiske og økonomiske motiv saman.

Utvatninga vi har sett av lokalt eigarskap i næringslivet på Sunnmøre dei seinare åra, er likevel ikkje denne handelen ein del av. Det er lenge sidan Ekornes var ei lokaleigd bedrift, og dei lokale eigarane har hatt avgrensa eigarmakt i konsernet.

I eit slikt perspektiv kan heller salet få positive utslag ved at kapital blir «frigjort», og kan bli investert i annan lokal verksemd og verdiskaping.

Dei nye eigarane vil neppe heller ha interesse av å rive Ekornes opp med rot. Kinesiske kapitalistar er også kapitalistar, og ser sjølvsagt at Ekornes har sin verdi som full pakke med summen av kompetanse, merkevarestyrke, omdømme og teknologi. Riv du dette opp, visnar investeringa fort.

Slik strategi er heller ikkje det typiske for kinesiske investeringar. Oppkjøp av norske Elkem og Orkla og svenske Volvo viser tvert imot vilje til å satse på produksjon i høgkostland.

For Ekornes kan altså dei nye eigarane bety ny styrke, ikkje minst inn mot den asiatiske marknaden. For oss andre kan det likevel vere grunn til både å vere på vakt og å kjenne på at det gjer litt vondt i den sunnmørske identiteten.

Det er eit lite stykke Sunnmøre som no kan bli styrt frå Midtens rike. Det er ikkje utan betydning. Vi kan heller ikkje stille oss likegyldige til takta av kinesiske investeringar i norske teknologibedrifter. Det er definitivt ikkje utan betydning.