Nye sjokktal for Nordøyvegen kom på bufeten til fylkespolitikarane i Møre og Romsdal denne veka. Ein sprekk på 800 millionar er langt meir enn litt krydder i ein trong fylkeskommunal økonomi.

I verste fall kan fylkespolitikarane kome til å måtte kaste vrak på årelange utgreiingar, hardt arbeid – og ikkje minst djupe krater som alt er sprengt og grave ut i terrenget.

Det er ikkje berre trist.

Det luktar det skandale av.

2.700 øybuarar

Så langt er det brukt minst 250 millionar på det som skulle gi fastlandssamband for 2.700 øybuarar i Haram og Sandøy.

Fram til opninga av anboda var prosjektet selt inn som «sjølvfinansierande» med ein finansieringsmodell som det ikkje finst maken til. Bompengar og bidrag frå kommunane og næringslivet skal saman med ferjeavløysingsmidlar betale gildet. 2,4 til 2,8 milliardar som elles må brukast til ferjedrift i 40 år, skal gå til veg.

«Sjølvfinansierande» betyr likevel ikkje eit lett løft for fylkeskommunen, og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har åtvara mot konsekvensane, og fått solide dosar med pepar for det.

Merkbare konsekvensar

Allereie før anbodssprekken var det klart at det ville svi i ein hardt pressa økonomi, der fylkeskommunale fond blir tømde fortare enn politikarane klarer å seie «økonomiplan».

Med ein sprekk på 800 millionar på toppen av dette, vil fylket få mindre armslag enn utbrytarkongen Harry Houdini i tvangstrøye. Og kampen for å kome fri for å trekkje frisk luft, vil bli minst like krevjande. Konsekvensane for andre samferdsletiltak og vidaregåande skular vil bli svært merkbare.

Det har ikkje mangla på skepsis undervegs. Smila frå fylkestinget sin talarstol har vorte stivare og stivare for kvar gong prosjektkostnaden har stige. Men ei blanding av solidaritet med øyfolket, prestisje og solid lobbyverksemd har så langt vore lim nok til å halde fylkespolitikarane samla. Det store spørsmålet i månadane framover no, er om semja vil rakne.

Mellom anna vart pengar til oppgradering av vegane på øyane teke bort, sjølv om dette er kostnader ein veit må kome. Gangvegar og møteplassar vart fjerna, og kostnadar til naudsynt busstilbod for same vegen.

Det er også vanskeleg å sjå kvar ein kan hente nye inntekter for å tette gapet i anbodssprekken.

Finansieringsmodellen prosjektet kviler på er alt eit skjørt byggverk. Det er ikkje gjort i ei handvending å vri om denne. Truleg heller ikkje mogeleg.

Ikkje gravøl enno

Kommunane og næringslivet har heller ikkje 800 millionar mellom lommerusket. Og det er heller ikkje råd å skru opp bompengedelen raskt nok. Det må i så fall opp i Stortinget, og det er heilt uråd innan anbodsfristen i oktober.

Nordøyvegen er eit godt prosjekt. Det har ikkje blitt dårlegare den siste veka. Det er heller ikkje blitt vanskelegare å unne innbyggjarane på Nordøyane fastlandssamband.

Ein skal difor ikkje invitere til gravøl enno. Inga løysing bør vere uprøvd. Kvar spikar i kista for Nordøyvegen er også ein spikar i kista for fylket som utviklingsaktør i samferdslesektoren.

Likevel er det no vanskeleg å sjå korleis dette skal gå til. Det handlar ikkje om uvilje, men prioriteringar.

Prioritering kan vere vondt.

Frykteleg vondt.

Så vondt at det mest trulege utfallet til hausten blir ei utsetjing, sjølv om det betyr at anbodet til Skanska då går ut på dato.

For neste år er det val.